Lokal | 13. nov. 2014

Utsett for innbrot av «merkelege» tjuvar

Glassmester Helge Austevoll AS er vant med å rykka ut når andre har innbrot, men er tydelegvis ikkje skåna sjølv.

Utsett for innbrot av «merkelege» tjuvar
Frank Hjelle (t.v.) og Helge Austevoll har fått fine lokale i Finnebrekka, men blei i går ettermiddag utsett for innbrot. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. nov. 2014 09:55

Bildeserie:

– Nøkkelboksen viste seg å vera falsk tryggleik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Nøkkelboksen viste seg å vera falsk tryggleik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det einaste som blei skadd var to ruter som var knust frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det einaste som blei skadd var to ruter som var knust frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
– Nøkkelboksen viste seg å vera falsk tryggleik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det einaste som blei skadd var to ruter som var knust frå før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vanlegvis er dei ute og hjelper andre som har hatt innbrot eller hærverk, rundt éin gong i veka året gjennom er dei ute hos uheldige firma og privatpersonar i Os og nabokommunane.

Men onsdag i 20-tida blei det oppdaga at det har vore innbrot hos Glassmester Helge Austevoll AS i Finnebrekka.

– Ein av våre tilsette var innom for å henta noko og såg at døra var open, fortel Helge Austevoll og Frank Hjelle.

Bedrifta har nøkkelboks med kodelås sånn at leverandørar som eventuelt kjem utanom opningstid, eller mens alle er ute i felten og jobbar, kan låsa inn varene.

– Dette viste seg å vera falsk tryggleik. Nokon har knust boksen, tatt ut nøkkelen og låst seg inn. Nøkkelen tok dei med seg, så vi måtte skifta lås i går. Og nøkkelboksen må vi erstatta med noko anna.

– Kan neppe ha vore meir enn 12 år

Ingenting er stole frå glassmeisteren, men litt romstering har det vore.

– Eg synest det er litt merkeleg. Dei har ikkje stole nokon ting, så vidt vi kan sjå, både bærbare pc-ar og dyrt verktøy har fått stå i fred.

Også når det kjem til det vesle som har vore av hærverk har Helge Austevoll hatt hell i uhell.

– Dei har knust to ruter som sto utanfor, men dei var allereie knust, det var ruter vi har tatt inn som avfall. Og så har dei velta ei sag og ein pallejekk som sto inne, men ikkje øydelagt noko av verdi. Ein skulle tru at dei neppe var eldre enn 12 år, meiner Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.