Utsett for vald av eks-sambuar

Mann i 20-åra meldt etter å ha oppsøkt tidlegare kjæraste.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag i 19-tida fekk politiet melding frå ei kvinne som var utsett for vald.

– Kvinna er lettare skadd. Ho fortalte at ein tidlegare kjæraste hadde oppsøkt ho, og at det hadde blitt ein krangel som leia til valdsepisoden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dette var tidlegare på ettermiddagen og mannen var gått frå staden då politiet snakka med kvinna. Begge partar er i 20-åra.

– Det er oppretta sak og vi skal ha begge inn på avhøyr.

• Også søndag formiddag fekk politiet melding om vald mellom sambuarar. Då rykte dei tungt ut og tok med seg ein mann i 40-åra.

To menn tatt i snittmåling

Natt til søndag var det fleire slåstkampar i Os sentrum. Natt til laurdag var det trafikk det gjekk i.

– Det blei tatt snittmåling av nokre bilistar på Byvegen. Patruljen ser gjerne etter trafikantar som skil seg negativt ut i trafikbildet, og følgjer etter, forklarer Hadler-Olsen.

På to menn i 20-åra blei det full treff. Han eine hadde så ferskt sertifikat at han framleis var i prøvetida, så han fekk dobbelt opp med prikkar.

– Den eine blei målt i 71 km/t i 60-sona og fekk 3700 kroner i forelegg og 4 prikkar (dobbelt opp) på førarkortet, den andre blei mål i 66 km/t i 50-sona og fekk 5350 kroner i forelegg og 3 prikkar.