Lokal | 11. juli 2017

Utsikt for sol

Slik ser det ut i Os hamn tysdag morgon. Fram mot helga skal det bli fleire dagar med sol.

Utsikt for sol
Slik såg det ut i Os hamn klokka 8 tysdag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 11. juli 2017 06:33

Etter å ha satt nedbørsrekord i juni har juli starta med vekslande vêr, no ser det ut som vi får i allefall nokre dagar kor vi kan håpe på at sola varmar.

I følgje Pent.no, som samanlikner meldingane frå både Yr og Storm, skal det letta ytterlegare utover tysdagen og bli opp i 15 grader.

God start for Tysnesfest

I morgon, onsdag starter Tysnesfest og det ser ut til at festivalen får ein fin start også når det gjeld vêret. Den store varmen blir det ikkje, men det blir lettskya, tildels strålande sol fram mot helga.

Onsdag og torsdag er det spådd 14-15 grader, medan fredagen ser så langt ut til å bli den finaste dagen med 17 grader og lite vind.

Fare for regn i helga

Varselet for laurdag og søndag er framleis noko usikkert, men slik det ser ut til no kjem det nokre regnbyger utover laurdagen som held fram søndag. Dei to meterologiske leverandørane er usikre på kor mykje regn det blir. Yr melder omlag 6 millimeter nedbør laurdag kveld/natt til søndag, medan Storm varslar om heile 22 millimeter i same periode.

Uansett det er per definisjon sommar, så det er berre å få på seg shortsen og sommarkjolen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.