Utstillingsopning - Aggi Folgerø Johannessen

Maleri og grafikk
 
 

Velkomen til utstillingsopning med Aggi Folgerø Johannessen
                                                                                                 
Kl. 14 - 16:      Utstillingsopning i Hvelvet.                                                                                  
Ca. kl. 14.15:  Musikalsk innslag i Griegsamlingen. Johan Sebastian Blom på cello.
 
Aggi Folgerø Johannessen er ein kompromissløs malar. For dei som kjenner den blide kvinna med det milde tonefallet og det lysande blikket, kan dette høyrast underleg ut. Men det kompromissløse er aldri på eigne vegne, men på kunstens. I si lange karriere har ho aldri gjeve etter for trender, heller ikkje meir eller mindre uttalte krav om stilistisk konsekvens. Ho maler på intuisjon, ofte med impulsar frå omgjevnadane som utgangspunkt, helst med ei naturoppleving i kjerna, som ho så bearbeider med fargar og strøk på lerretet. Det er her ho aldri går på akkord. Sjølv seier ho at maleria er dikt skreve med hennar eige visuelle språk; eit språk ho utviklar i dialog med maleriet medan ho skapar det. Dei maleriske resultata framstår til tider så ulike at kritikarar har undra seg over at dei kan vera skapt av same kunstnar. Ikkje akkurat eit sjakktrekk for rask ære og berømming i merkevarebygginga si epoke, men ein nødvendighet for ein kunstnar som insisterer på uforutsigbarhet som metode.
Utstillinga i Hvelvet viser åtte nye maleri, samt eit utvalg grafiske verk og maleri som er vist tidlegare. Aggi Folgerø Johannessen er det ein kan kalla ein autodidakt kunstnar, men ho har hatt mange sterke læremeistre. Hennar søken etter å lære og å absorbere inntrykk frå nordisk og internasjonal kunst – spesielt etter kvart som ho møtte modernistisk og abstrakt maleri – står ikkje tilbake for det ein kunststudent møter under formell utdanning. I tillegg til eit langt liv som malar og grafikar, har ho dreve omfattande undervisning av både voksne og barn. Erfaringane herfra samla ho i boka Grunnbok i billedskaping (Fagbokforlaget 2003). Boka er no utseld frå forlaget, men var i mange år pensum ved fleire lærarhøgskular i Noreg og Sverige. Aggi Folgerø Johannessen er født og oppvaksen i Stavanger, virka fleire år som kunstnar i København, og bur og arbeider no i Bergen. 
 
Utstillinga står til 17. desember.

Lørdag, november 18, 2017 - 14:00