Paal og Silja Moberg med kokkeassistent Aurora gler seg over å ha flytta inn i dei nyoppussa lokala etter Kleiven (foto: Andris Hamre)

Utvidar på nytt kjøkken

Osøyro Kolonial flytta i sommar inn i nyoppussa kjøkken på Osøyro. No ser Silja Døsen Moberg etter ein ny kollega.

image
image
image
Av: Andris Hamre

I mars tok Osøyro Kolonial over dei gamle produksjonslokala til Kleiven kjøtt og delikatesse midt på Osøyro. Etter månader med oppussing og renovering kunne dei i slutten av juni ta dei nye lokala i bruk.

– Eg flytta inn her fredag, og hadde den første leveransen laurdag, fortel Silja Døsen Moberg.

Omfattande rehabilitering

Saman med ektemann Paal og far Bjørn har dei gjort mykje av jobben sjølv, men for å få eit tilfredsstillande kjøkken har det krevd mange fag.

– Vi fekk oss vel inga overraskingar undervegs, men det har vore eit omfattande arbeid i eit gamalt bygg. Vi har skifta tak, gulver, bygd vegger, fått lagt nye rør, ventilasjon og elektrisitet, så det har vore mange fagfolk som har vore innom.

– Eg er veldig nøgd med korleis vi har fått det. Det føles som eit ekte kjøkken, smiler Døsen Moberg som har flytta ned frå leigd kantine hos Os Maskinering på Ulven.

– Eg hadde det bra der, men trur det er lettare for kundane å finna meg her nede på Osøyro.

Stor pågang, treng kollega

Ho fortel om stor pågang og har knapt hatt fri frå telefonen, sjølv på ferie.

– Det går veldig bra. Eg har kome dit no at eg skal prøva å finna meg ein kollega. Tida er inne for å utvida slik at vi kan komma vidare og få tid til å utvikle konseptet vidare.

– Eg har kjent litt på den overgangen det var å gå frå kjøkkenet på Solstrand med 15 kokkekollegaer til å vera aleine. Det skal bli godt å få nokon å diskutere fag med igjen.

– Ein ting eg óg håper vi får til på den nye kjøkkenet er å holde ulike kurs. Eg har allereie fått spørsmål om ikkje vi kan ha eit kurs i å lage pølser. Lokalet er i allefall eigna til det. 

Butikken kjem

Paal Moberg fortel at dei stadig får spørsmål om butikken dei lanserte for vel eit år sidan.

– Den kjem. Vi jobbar no med tre forskjellige lokaler og håper å få landa eitt av dei relativt raskt, men vi ser jo at ting tek tid. Ein ting har vi lært oss i denne prosessen, vi må vera tålmodige, så får vi håpe at kundane er det same, avslutter han med eit smil.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.