Kultur | 20. aug. 2014

Utvidar tilbodet

Os Rockeklubb sin rockeskule utvidar. – No har vi fått med oss Jostein Berge i tillegg til Jonny Berven til å undervisa, fortel mr Osablod.

Utvidar tilbodet
Jonny Berven og Jostein Berge står klare for å undervisa nye musikarar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. aug. 2014 12:35

I januar starta Os Rockeklubb rockeskule etter å ha fått støtte frå dei lokale kulturutviklingsmidla. Tilbodet blei raskt ein suksess med opp mot 25 elevar fram mot sommarferien.

Skulen vil i haust tilby kurs i gitar (el- og akustisk), bass, ukulele, trommer, piano/keyboard og samspel (band).

– Vi skal ikkje vera ein konkurrent til den kommunale kulturskulen, men eit supplement. Responsen i vår tyder på at det er ein udekt marknad.

– Sjølv utan å marknadsføra det spesielt har vi hatt deltakarar heilt frå Hatlestad Terrasse, som har kome til Os for å læra å spela trommer.

– Difor er vi glade for å at vi no kan utvida tilbodet slik at vi har både Jonny Berven og Jostein Berge med som instruktørar, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, leiar i rockeklubben.

I ein binge nær deg

Berven vil ha hovudbase i musikkbingen ved Os ungdomsskule medan Berge vil ha sete i den nye bingen som snart opnar på Nore Neset.

– Om det er nokon på Søfteland som vil læra seg å spela, så er ikkje det noko problem.

– Vi skal nok greitt klara å ta turen til bingen der oppe òg, fortel Jostein og Jonny.

Under éin paraply

Dei to instruktørane driv kvart sitt enkeltmannsforetak, men samarbeider under paraplyen til rockeklubben.

– Det fungerer veldig greit. Eg driv "den lille musikkskulen" og gjev ei grunnopplæring på gitar, bass, trommer og samspel.

– Dei veldig flinke sender eg vidare til Jostein, fortel Jonny Berven med eit smil.

– På same måte så kan eg utnytta Jonny sin kompetanse. Er det elevar som kjem til meg, som vil læra noko som eg ikkje er så flink på, så set eg dei i kontakt med Jonny, fortel Jostein Berge, som i tillegg til gitarundervisning også gjev grunnleggande opplæring i det å spela ukulele.

Vil utvikla musikkmiljøet

Dei to kjende ikkje kvarandre før Grønvigh kobla dei saman.

– For oss i rockeklubben er det viktigaste å vera med på å utvikla musikkmiljøet i Os.

– Er det barn og unge som vil læra å spela eit instrument, så skal vi prøva å hjelpe så langt vi maktar. Vi skal vera ein tilretteleggjar og sørgje for lokale og hjelpa til med å skaffa instrument.

– I tillegg har vi studioet i allakten, så etterkvart som det utviklar seg og samspelgruppene kjem i sving, kan vi òg hjelpa til med å få spelt inn nokre låtar, forklarar rockesjefen, som håpar samarbeidet kan bringa enno fleire ungdomar fram til Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Handler om meistring

Dei to tilbyr individuell opplæring for elevar frå åtte år og oppover, skreddersydd for kvar enkelt.

– Om det er nokon som ønskjer berre ein time eller to, så går det, men vi satsar meir på faste pakkar.

– Er det nokre vaksne som vil ha eit oppfriskingskurs, eller har lyst å læra seg tre-fire Beatles-låtar, så er ikkje det noko problem heller.

– Vi er begge opptatt av den praktiske spelinga. Difor blir det lite musikkteori. Det handlar om raskt å skapa ei kjensle av å meistring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.