Utvider stenging av Skeisleira
Vassbrot i førre veke gjer at kommunen må stenge Skeisleira i to dager.
Eit vassbrot i Skeisleira tysdag i førre veke har gjort at kommunen har måtte grava opp og legga nye rør for å utbetra brotet.
Først blei vegen stengt ved krysset til Skeisleira sist fredag.
No melder kommunen at det blir meir stenging av veg på Skeie.
– Grunna vidare arbeid med å utbetre vassbrotet i Skeisleira, vil vegen gjennom Skeisleira bli stengt frå krysset inn til Skeisbotnen, til ned forbi nummer 124. Området er merka med gult på kartskissa.
– Stenginga vil vara frå tysdag 14. november klokka 07 til onsdag 15. november ca kl 15. Omkøyring må eventuelt planleggast ut frå dette, heiter det i meldinga frå kommunen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.