Næringsliv | 22. mai 2014

Utviding i Landboden

Rørleggeriet blir større og utvider samtidig med nye varegrupper.

Utviding i Landboden
Røyrleggarmeister Jan Erik Særvold saman med Irene Særvold Halvorsen (t.v.) og Marianne J. Rikstad. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. mai 2014 07:37

Rørleggeriet Os, ein av dei to røyrleggarbedriftene med butikk i Landboden i sentrum, utvider inn i nabolokalet.

– Butikken aukar i storleik frå rundt 100 til 140 kvadratmeter, fortel Marianne Jansen Rikstad.

– Vi har nyleg utvida utvalet til også å omfatta fliser og baderomspanel, med utvidinga får vi mykje betre plass til å stilla dette ut.

Levert på døra

Frå før får kundane både innreiing og røyrleggartenester hos Bademiljø-butikken, og tømrar, murar og elektriker via samarbeidspartnarar.

– Då synest vi det er greit også å kunna levera golv og veggar. Vi sel fliser frå svenske Konradssons, som leverer fraktfritt rett på døra til kunden.

– Det var denne tenesta som gjorde det attraktivt, at vi slepp å bruka tid og plass på lager eller mellomlanding hos oss.

Baderomsplatene kjem frå Fibo-Trespo.

Nesten tom butikk

Ombyggingsarbeidet er i gang og Rørleggeriet har i byggeperioden hatt sal av utstillingsmodellar.

– Nesten alt er røska vekk, det er omtrent berre to badekar igjen, seier Irene Særvold Halvorsen.

– No vil vi bygga nye utstillinger med heile miljø, der vi i éi avdeling følgjer Bademiljø sine Beste Kjøp-kampanjer, og har andre prisklassar i dei øvrige utstillingane.

Rørleggeriet har seks tilsette, Irene og Marianne i butikken og fire menn ute i felten, to av dei er røyrleggarmeistrar, éin er lærling.

Butikken er open medan byggearbeidet pågår, og målet er å vera ferdig med nyutvida butikk til marknadsdagane i slutten av juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.