Lokal | 05. des. 2016

Utvikling av Søfteland som nærsenter

Lesarinnlegg, Sveinung Stensletten (Os V): På Søfteland er ein i full gang, men saknar førebels drahjelp frå kommunen.

Utvikling av Søfteland som nærsenter
Kvifor er ikkje ordføraren like interessert i å utvikla Søfteland no, som i valkampen, undrar Sveinung Stensletten (V) (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 05. des. 2016 09:20

«Idrettslaget har no fått utarbeid nytt og meir detaljerte forslag til korleis området kan nyttast, men denne gongen har ikkje ordføraren vist den same interessa. Noko ein kan undrast på, då det var partiet hans som lanserte ishall på Søfteland som ei av hovudsakene i valkampen i fjor.»

Som ei av fem bygder er Søfteland i kommuneplanen utpeikt som «nærsenter». Planen definerar nærsenter som: «Mindre senter med detaljhandel som daglegvarer, post, private og offentlege helse og velvære tjenester etc. dimensjonert for nærmiljøet».

For å få til eit godt fungerande nærsenter er det viktig å kunna samla dei ulike funksjonan/tjenestene i eit avgrensa området. Ein kan då lett koma seg til og frå og mellom, til fots eller med enkle transportmiddel, og dette blir då naturlege møtestadar for bygdafolket. Slik er det ikkje på Søfteland i dag, sjølv om avstandane mellom fotballbane, butikk, pizzeria, skule og barnehage ikkje er avskrekkande.

Før kommunevalet i 2007 var Os Frp på «salgsturne» og arrangerte folkemøte på Memos Pizza. Det var alt då store vyer om Endalausmarka (Lyseparken) og den store folkeauken og utviklinga dette ville føra med seg. Illustrasjonane som vart vist hadde med areal for industri og bustadar, men mangla heilt areal til fellesfunksjonar / -tjenester som skule, kultur, idrett og friluftsliv. Då dette vart teke opp av tilhøyrarane, sa ordføraren seg samd i at også dette måtte inn i planane. Kort tid etter tok idrettslaget kontakt med ordføraren vedrørande omregulering av område mellom Eikhaugen og Bergstø frå LNF-område til fellesfunksjonar i arealplanen. Det vart også utarbeid tekningar og ein modell som illustrerte korleis området kunne utviklast. Ordføraren tok i samarbeid med idrettslaget tak i saka, og etter litt tid var området omregulert og kommunen kjøpte ut delar av området. Etter det stoppa, av ulike årsaker, prosessen opp.

For eit par år sidan tok idrettslaget saka oppatt. Den store utbygginga rundt Søfteland er alt godt i gang, og om få år ser ein at det vil verta press på alle typar fellestjenester og derved bruk for høvande areal.

Idrettslaget har no fått utarbeid eit nytt detaljerte forslag til korleis området kan nyttast, men denne gongen har ikkje ordføraren vist den same interessa. Noko ein kan undrast på, då det var partiet hans som lanserte ishall på Søfteland som ei av hovudsakene i valkampen i fjor.

Ishall eller ikkje, området mellom Eikhaugen og Bergstø er truleg både eit mogeleg og svært egna areal til å skapa «nærsenteret Søfteland», slik politikarane er samde om i kommuneplanens samfunnsdel. I den nevnte planen (frå 2015) er det også lagt vekt på at utviklinga må skje i eit samarbeid mellom kommune, frivillige organisasjonar, næringsliv og innbyggjara. På Søfteland er ein i full gang, men saknar førebels drahjelp frå kommunen. Næringslivet kjem nok med når planane vert litt meir konkrete.

Os Venstre vil i følgja opp denne saka i samband med handsaming av kommunens budsjett for 2017.

Sveinung Stensletten
Leiar i Os Venstre
Søftelending

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.