Lokal | 25. nov. 2014

Væpna frå i dag

Grunna auka terrorfare blir politiet væpna frå i dag.

Væpna frå i dag
Politiet i Os, og i resten av landet, er frå i dag væpna med pistol. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. nov. 2014 08:25

Etter PST si trusselvurdering tidlegare denne månaden, der politi og Forsvaret blir peika ut som moglege mål, har politidirektoratet bedt justis- og beredskapsdepartementet om samtykke til å væpna norsk politi inntil vidare.

POD har fått samtykke og frå tysdag morgon vil innsatspersonell vera væpna med pistol.

– Vi kom fram til at politiet treng eit ekstra verktøy for å møta denne nye trusselen. Derfor ba vi om samtykke til at uniformert mannskap i vakt- og beredskapsteneste blir væpna, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård til politi.no.

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor stadfestar at også politiet i Os er væpna frå i dag.

Ifølgje BT.no meiner PST at det er større sjanse for at det vil skje eit islamistisk terrorangrep mot Noreg det neste året, enn at det ikkje vil skje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.