Lokal | 12. sep. 2017

Vaks mest også i Os

Dette seier Siren Tømmerbakke (Sp) og Hege Bjørnør (SV) etter valnatta.

Vaks mest også i Os
Siren Tømmerbakke (t.v.) og Hege Bjørnør. (Foto: Andris Hamre/pressefoto Hordaland SV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. sep. 2017 09:17

Tre parti får fleire mandat på Stortinget etter valet, sånn det ser ut etter at 95,1 % av stemmene er talte opp;
• Rødt får 1 mandat og er tilbake på Stortinget
• SV aukar frå 7 til 11 mandat
• Senterpartiet aukar frå 10 til 18

MDG opplever vekst frå 2013, men ikkje nok til å få meir enn det eine mandatet dei har frå før. Alle andre parti går tilbake, men det ligg som kjent an til framleis borgarleg regjering, då Høyre, Frp, KrF og Venstre til saman har 89 av 169 mandat.

Også i Os opplever Senterpartiet, SV, Rødt og MDG vekst. Frp veks nest mest (+1,5), og kompenserer for nesten heile nedgangen til Høyre (2,0), men dei fire raude partia aukar òg:
Sp 7,1 % (+ 2,8)
SV 4,5 % (+ 1,3)
MDG 3,9 % (+ 0,9)
Rødt 1,2 % (+ 0,7 %)

• Les òg: Valresultat i Os - krins for krins

– Overraskande positivt

Siren Tømmerbakke, gruppeleiar og ein av to kommunestyrerepresentantar for Os Sp, synest resultatet i Os er betre enn venta.

– Os er verken ein utprega landbrukskommune eller distriktskommune, og Sp er så små i Os at vi ikkje har klart å vera like aktive i valkampen som fleire andre.

– Men organisasjonen har gjort ein god jobb, vi har ein god frontfigur i Slagsvold Vedum og vi har ein heilheitleg politikk med praktisk tilnærming til sakene.

Tømmerbakke trur at både motstand mot sentralisering, fokus på landbruksareal og norsk og lokal matproduksjon, har vore blant dei viktigaste sakene.

Samtidig er ho skuffa over at ikkje det blei regjeringsskifte.

– Eg hadde trudd og håpa på at Arbeiderpartiet skulle gjera det betre. Ei regjering med Ap og eit sterkt Sp ville vore eit godt utgangspunkt for gjennomslag for vår politikk. Eg hadde òg trudd at MDG, som har vore så synlege i valkampen, hadde gjort det betre.

Lokalt har Lysekloster, Terje Søviknes sin heimkrins, vore Sp sin sterkaste valkrins med 7,7 % oppslutnad, ein vekst på 3,7 prosentpoeng.

– Kvar trur du Sp har tatt veljarar frå?

– Eg veit ikkje, men eg håper vi har vore blant dei som har tatt veljarar frå borgarleg side.

• Les òg: La du merke til desse tala?

SV gler seg til 2019

Leiar for Os SV, Hege Bjørnør, fortel om stor stemning på Hordalands største valvake i Bergen i går.

– Vi er naturlegvis forferdeleg skuffa over at ikkje det blei regjeringsskifte, men gler oss samtidig over den fantastiske veksten.

– På stand i valkampen opplever vi at folk er meir opptatt av å redusera forskjellane i samfunnet, på rikdom og makt, i tillegg har vi vore tydelege og lette å forstå.

SV gjekk fram i alle dei 4 samanliknbare krinsane i Os, og opplevde dobla oppslutnad i to av dei.

– Lokalt har vi òg vore tydelege på motstand mot bru over Bjørnafjorden.

– I regjeringssamanheng har vi tidlegare vist at vi både kjempar hardt for sakene våre, og at vi får gjennomslag for enkelte av dei sjølv om vi ikkje er største parti i regjering.

Ved førre kommunestyreval skal SV ha vore rundt 23 stemmer frå å få ein representant i kommunestyret.

– Denne oppslutnaden vi har no gir oss pågangsmot til lokalvalet i 2019. Neste gong SKAL vi i kommunestyret, seier Bjørnør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.