Lokal | 23. mai 2015

Val, flykningar og eigedomsskatt

Lesarinnlegg: MdG vonar Os i det minste tek sin del av den nasjonale dugnaden om å busette flyktningar frå Syria.

Val, flykningar og eigedomsskatt
Andris Hamrelørdag 23. mai 2015 12:37

I følgje FN sin høgkommissær for flyktningar er det svært viktig at land som Noreg tek mot fleire flyktningar frå Syria. Statsråd Solveig Horne (FrP) ber kommunane om dette og vil ha svar innan 27. mai om kor mange fleire kvar kommune vil ta mot. Me vonar at Os i det minste vil ta sin del av den nasjonale dugnaden som må til for å busetja dei som kjem. Det er verken økonomiske eller andre grunnar til å la vera.

Nyleg kom den fyrste valbrosjyren i postkassen. Etter berøring med eit glansa og stivt papir var det klart kva for parti som også i år som var fyrst ute og minna oss på at me kan venta oss ein serie av slike i postkassen utover sumaren og hausten. Brosjyren frå FrP viser til mange gode tiltak som det er tverrpolitisk semje om i Os og dei fleste andre kommunar. Me treng å rusta opp skular og barnehagar, det må satsast på betre omsorg for eldre, på næring og samferdsle, og alle ynskjer me liv på Øyro!

Men me sakna «Ja» til ein del andre tiltak. Til dømes skulle me gjerne sett «Ja til mottak av fleire flykningar». Fristen for kommunen å svara på brev frå statsråd Solveig Horne (FrP) der ho ber kommunane ta mot fleire flyktningar er 27. mai. Me har før peika på at det ligg godt til rette for å busetja fleire i Os. Os har mellom anna eit rikt kulturliv og mange engasjerte enkeltmenneske, både kommunetilsette og frivillige, som har vist at dei er opptekne av å hjelpa andre som på ulike måtar treng hjelp.

I følgje FN sin høgkommissær for flyktningar er det svært viktig at land som Noreg tek mot fleire flyktningar frå Syria. Flyktningleirane i området er overfylte og leveforholda elendige. Sjølvsagt må me også hjelpa meir lokalt. Miljøpartiet Dei Grøne foreslo alt for over eit år sidan at det måtte løyvast ein milliard ekstra til dette, noko verken FrP eller Regjeringa støtta.

For Noreg er manglande økonomisk evne ingen grunn til ikkje å ta mot fleire. For ein kommune som Os kunne eigedomsskatt vore ein finansieringsmåte. Men «Nei til eigedomskatt» lyser mot oss frå FrP-brosjyren. Med ein skatt på i gjennomsnitt eit par-tre tusen per husstand i Os, innført på ein sosialt rettferdig måte, ville kommunen ha rikeleg med pengar til å skaffa husvære til atskilleg fleire enn det som er kommunen del i den nasjonale dugnaden som no er naudsynt. Det er mange ledige husvære i Os som kunne leigast for dette formålet før ein rekk å byggja nye, om det skulle vera naudsynt. Me meiner at innføring av ein moderat eigedomsskat bør vurderast, både på grunn av dette og for å betra offentlege tenester som i Os har mykje svakare finansiering enn kommunar som liknar Os.

I 2014 var det eigedomsskatt i fleire enn 4 av 5 kommunar i landet. Så lenge eigedomskatt ikkje er innført, kan kommunen ikkje visa til manglande økonomisk evne som grunn dersom Os ikkje vil ta sin del av dugnaden som Stortinget vil be oss om.

Gunnar Kvåle, Nils-Anders Nøttseter og Bjørn Bøe
Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.