Gustav Bahus blei igjen vald som leiar for Hordaland Frp. Terje Søviknes helsa årsmøtet på vegne av sentralstyret (foto: Hordaland Frp)

Vald for femte gong

Gustav Bahus skal leia Hordaland Frp i arbeidet med å slå seg saman med Sogn og Fjordane Frp.

Av: Andris Hamre

I helga hadde Hordaland Frp årsmøte på Quality hotell Edvard Grieg. 

– Det var eit fantastisk godt årsmøte, kor vi både hadde Terje (Søviknes, journ.mrk) som helsa oss på vegne av sentralstyret, og gjestar frå Sogn og Fjordane Frp, fortel fylkesleiar Gustav Bahus frå Os.

Kontinuitet viktig

Bahus blei første gong vald som leiar av Hordaland Frp i 2010 og har difor site som det i åtte år allereie. På møtet i helga fekk han tilliten i to nye år.

– Det var inga dramatikk rundt vala. Det er viktig å ha kontinuitet no når vi skal gå i gang med å jobba fram eit nytt stort lag når vi skal bygga Vestland Frp saman med våre vener i Sogn og Fjordane.

– Det blei sett ned arbeidsgrupper som skal jobba med dette, kor eg får med meg ein del folk frå Hordaland Frp, og Lars Svein Drabløs, som er leiar i Sogn og Fjordane, får med seg ein del av sine folk.

– Målet er at vi før sommaren skal slå dei to fylkeslaga saman.

– Ellers så hadde vi gode politiske diskusjonar på årsmøtet, kor næringsutvikling var eit sentralt tema i tillegg til samanslåinga, oppsummerer Bahus.