Lokal | 27. aug. 2011

Valfridom i det gode liv på Os

LESARINNLEGG, Laila Reiertsen (Frp): Kven skal koma heim til deg og vaska?

Valfridom i det gode liv på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. aug. 2011 05:55

Eg tenkjer ofte på valfridom og ikkje minst opp mot dei eldre. Heilt frå vi er små så gjer ein val heile tida. Ein velgjer kva klede ein skal kjøpa og ta på seg . Ein velgjer maten ein et og kor ein handlar den. Ein velgjer skule og utdanning. Jamvel val av livsfølgjar vel ein heldigvis sjølv.

Når ein kjem litt ut i livet så vel ein kor ein vil bu, kva hus ein vil bu i. Og i dagens travle kvardag vel ein kanskje å kjøpa ulike tenester for at kvardagen skal gå i hop. Mange kjøper allereie for eksempel nokon til å ta husarbeidet. Fordi ein meiner at den kvalitetstida ein vil tilbringa med familien i helgene er av stor verdi og skal ikkje brukast på støvsugar og vaskebøtte. Dette er eit val og ein velgjer sjølv kven som får oppdraget.

Om ein ser tida litt framfør seg så er husarbeid som heimehjelpa utfører i offentleg teneste ein saga blott.

For eg trur at dei offentlege ressursane må fokuserast i framtida på kva ein skal og må bruka ressursane på i mykje større grad enn det vi kan bruka ressursane på.

Difor, som eit steg inn på denne vegen, vil FrP ha ein valfridom for enkeltmenneske til å velja kven som skal gjera reint i heimen..

Om ein ser litt større på det så er det vel litt særs at ein skal bruka ressursane på reingjering av heimen i staden for omsorg og pleie. Difor starta eg dette med korleis kanskje ein generasjon tenkjer og at vi som samfunn vil få ei dreiing i høve kva som er det viktigaste for oss i framtida.

Og kva då om ein allereie betalar for denne tenesta og blir eldre og sjuk skal ein då måtta ta inn den offentlege tenesta når ein er nøgd med det ein har? Nei, det blir feil meiner FrP.

FrP vil starta med å ha fleire leverandørar av heimehjelp til dei som treng det for at ein sjølv skal kunna gjera eit val kven som kjem heim til deg for å vaska reint!

Valfridom for både unge og eldre er viktig i det gode liv på Os!

Laila Marie Reiertsen
40. kandidat Os FrP


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.