Lokal | 29. nov. 2010

Vandalar herjar i sentrum

Førre helg gjekk det ut over ein hage, denne helga tok nokon knekken på all julebelysning i Os sentrum.

Vandalar herjar i sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. nov. 2010 12:17

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I fjor kjøpte Os sentrum inn ny julebelysning. Gildet kosta nesten 20.000 kroner, no er mykje av det øydelagt.

- Laurdag morgon var fleire av lysa av, sundag kveld var alt mørkt, fortvilar leiar i Os sentrum, Renate Iversen.

Knuste kontaktar
Enkelte plassar var berre kontakten tatt ut, men vandalane har klatra høgt for å dra ut nokre av dei.

- Men dessverre har dei også øydelagt mykje, seier Iversen og viser oss rundt.

Ein boks på ein ledning er banka flat, truleg med ein stein som ligg like ved. Fleire av leidningane er dessutan rive ned og knippa. Berre 1/3 av lysa på julegrana, som blei tent fredag, fungerer etter hærverk-runden.

Pøbestrekar i Postvegen
Etter førre helg fortalte Eirik Walle om skadeverk på foreldra sin eigedom i Postvegen i Os sentrum. Nokon hadde klatra i ein metallboge inn til den velstelte hagen og øydelagt denne.

- Dette er ikkje første gong folk har gjort hærverk på eigedomen, eller på G-Sport-butikken vi driv i sentrum. Det er irriterande at ikkje ting får stå i fred, seier Walle.

Håper på tips
Nokre av butikkdrivarane fortel at lyset fungerte då Opus stengte natt til sundag, altså i 3.30-tida.

OPPDATERT: Det skal også ha vore julestemning i Os i 19-tida, så størstedelen av hærverket har truleg skjedd sundag kveld eller natt til måndag.

- Eg melder dette til politiet og håper nokon har tips som fører til at dei som har gjort dette kan erstatta skadene, seier Renate Iversen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.