Sport | 22. sep. 2014

Vandrepokalen står heilt i ro

Os MC og MX klubb blei nok ein gong kåra til best på Vestlandet etter solid medaljehausting på Stord i helga.

Vandrepokalen står heilt i ro
Dei fleste av deltakarane frå Os som i helga hausta heim rikeleg med medaljar, og i tillegg blei kåra til beste klubb i 2014. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. sep. 2014 08:16

Bildeserie:

Nokre av dei mange talentfulle ungdomane i klubben. (Privat foto)
Nokre av dei mange talentfulle ungdomane i klubben. (Privat foto)
Oliver Bakkely og Storm Pedersen viser fram delar av klubben sin fangst. (Privat foto)
Oliver Bakkely og Storm Pedersen viser fram delar av klubben sin fangst. (Privat foto)
Den tøffe vandrepokalen Jan Hetleflåt har laga blir ståande heime i Os. (Foto: KVB)
Den tøffe vandrepokalen Jan Hetleflåt har laga blir ståande heime i Os. (Foto: KVB)
1 av 3

Os leia med 12 poeng og stilte sterkt som største klubb då sesongen i helga blei avslutta på Stord.

– Eg har ikkje talet på medaljar her, men det blei både gull, sølv og bronse, både i runden i helga og samanlagt, til fleire av utøvarane våre, seier formann Jane Espeland.

Det blei suksess frå dei yngste på 5-6 år til oldboys, der Os tok heile pallen med gull til Jarle Matre, sølv til debutant Jan Hetleflåt og bronse til Karl Atle Pedersen.

Beste klubb bygger ny bane

– Jubelen blei størst då vinnaren av beste klubb 2014 blei ropt opp. Vi vann i år igjen, og har no blitt kåra til beste klubb tre av dei siste fire åra.

Jan Hetleflåt har laga ein vandrepokal til den som blir kåra til beste klubb. Den står i klubbhuset i Kolskogen, og der blir den ståande.

– Dette var flott påfyll av inspirasjon før vi no skal jobba vidare med ny bane samtidig som vi trener gjennom hausten og vinteren, seier Jane.

Les òg: Veks seg inn i ny bane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.