Sport | 21. mars 2015

Vann 10 000 dollar

Strålande på 5000 meter: Lunde Pedersen parkerte Bob de Jong og tok 2. plass både i dagens løp og samanlagt i verdscupen.

Vann 10 000 dollar
Sverre på 1500 meter i verdscupen i Berlin tidlegare i år. (Foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. mars 2015 16:34

Førre helg tok han to gull (1500 og 5000) og eit sølv (1000 m) i NM enkeltdistansar, i dag sikra Sverre Lunde Pedersen seg andreplassen i verdscupen på 5000 meter.

Sverre starta roleg, men i siste par mot verdscupleiar Bob de Jong viste han fin taktikk og det blei tydeleg at han hadde nok å gå på.

– Lunde Pedersen har blitt ein skikkeleg seniorløpar, det er ikkje tvil om det, sa NRK-kommentatorane.

Sverre gjekk i mål på 6.20,64 inn til 2. plass i siste par. Jorrit Bergsma vann på tida 6.17,49 i eit tidlegare par.

2. plass samanlagt

Det gjorde at han heldt på 2. plassen samanlagt mens de Jong mista førsteplassen til Bergsma.

Med det vinn Sverre 10.000 dollar, altså drygt 80.000 kroner. Dei beste plasseringane samanlagt på kvar distanse får pengepremiar, med 15.000 dollar til 1. plass mens andreplassen får 10.000.

Sverre ligg også på 2. plass samanlagt på 1500 meter, som går i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.