Sport | 25. apr. 2010

Vann 14-1!

Nore Neset viste sundag tydeleg at dei går for opprykk i år.

Vann 14-1!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. apr. 2010 19:39

Sundag starta serien for 7. divisjonsklubben Nore Neset. Motstandar Ragnarok, som vann sin første kamp for sesongen 3-2 heime over Orkan, opplevde noko som liknar eit ragnarok i sin første bortekamp i år.

- Vi ville setja kursen mot opprykk med ein gong, leia 6-0 til pause og tok ein velfortent 14-1-siger, fortel spelar Paul Kristian Haldorsen til Midtsiden.no.

8 av Thuen!
Keeper Arne Veim Haugland viste seg i semifinalen i vinterligaen mot Lysekloster som ein svært stødig målmann. I dag skåra han til og med mål! Men i serieopninga var han nok ikkje den som utmerka seg aller mest.

Framover på banen skjedde det mykje, og det skjedde mest når ballen landa hos Alexander Thuen. Thuen sto for 8 av dei 14 måla til heimelaget.

Nore Neset hadde til saman heile sju målskårarar i kampen.

Nore Neset starta med: Arne Veim Haugland, Christer Røen, Frank Bjørnarøy, Jørgen Nilsen, Stian Alexander Sælen, Kristian Minde, Per Olav Strønen, Remy Snilstveit, Espen Andrè Sælen, Paul Kristian Haldorsen og Alexander Thuen.
Innbytarar (alle med speletid i kampen): Raymond Haljem, Christoffer Søvik, Erik Askvik, Håkon Straume.

Målskårarar: Alexander Thuen 8, Christer Røen 1, Per Olav Strønen 1, Arne Veim Haugland 1(!), Kristian Minde 1, Erik Askvik 1 og Espen André Sælen 1.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.