Sport | 04. mai 2017

Vann 7-0 med 10 mann

God runde i 5. divisjon: Vegard Hjelle skåra 3 mål for Os 2, Preben Borgen skåra 4 mål for Søfteland.

Vann 7-0 med 10 mann
Vegard Storum Hjelle, her då Os 2 slo Fitjar 15-0 i ein treningskamp, skåra dei tre siste i 7-0-sigeren over Bjarg 2 måndag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. mai 2017 05:15

Runde 2 blei bra for 5. divisjonslaga i Os:

• Nore Neset slo Flaktveit 3-2
• Søfteland vann heile 9-1 over Stord 2 (mål av Preben Borgen 4, Dani Bergstø 2, Martin Eidsvik 2 og John Ole Johannessen)
• Os 2 spelte mot Bjarg 2 og vann 7-0.

– Prestasjonen i første serierunde er eg ikkje nøgd med. Når vi skårar tre mål bør vi vinna kampen, at vi slepp inn 4 for Juristforeningen er svakt, seier Os 2-trenar Karl Kvile.

– Det kom seg i andre serierunde mot Bjarg 2. Bjarg hadde med seg nokre etablerte A-lagsspelarar, men hadde samtidig NM-kamp med juniorane, så dei stilte nok ikkje så sterkt som dei kan.

Os fekk Adrian Valle utvist i 29. minutt. Då leia dei allereie 3-0.

– Med 10 mot 11 burde forskjellen vore kompensert for, om Bjarg ikkje hadde alle sine beste juniorar tilgjengelege. Her var vi gode, og skåra fire mål til samtidig som vi heldt nullen.

– Det har vore ein suksess å flytta Vegard Hjelle fram frå midtbane til spiss. Han er ein god avsluttar og har ein tendens til å vera på rett plass til rett tid. Det er ikkje tilfeldig at han har skåra ein del i dei siste treningskampane og seriekampane, meiner Kvile.

Os 2 - Bjarg 2 7-0 (5-0)
Målskårarar: Glenn Krossøy 1-0, Simon Moberg Søvik 2-0, Fabian Bødker 3-0 og 4-0, Vegard Storum Hjelle 5-0, 6-0 og 7-0.

I kveld speler Os junior NM-kamp heime mot Smørås.

Måndag speler Os borte mot Bergen Nord.

– Kampen måndag blir ein betre test, då møter vi eit lag som har vunne to av to kampar til no, seier Kvile.

• Også Os 3 i 6. divisjon tok ein fin siger i førre runde. Dei vann 5-3 over BI Bergen med mål av Isak Røen 2, Lars Philip Moe Haugland 2 og Baste Træen.

• Nore Neset 2 spelte borte mot Vadmyra 2 og tapte 4-0.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.