midtsiden

Vann dei to første

Åsmund Slettevold gjorde god figur i karate-EM.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, februar 11, 2011 - 15:48

Onsdag reiste Åsmund Slettevold frå Os Karateklubb til Serbia for å delta i allstyle-EM for junior. I dag var han på kampmatta.

- «Her luktar det medalje» sto det i meldinga eg fekk etter dei første kampane, fortel sensei Cato Bruarøy.

Åsmund starta med å slå representanten frå Danmark. Han vann også neste kamp.

- Kvar nasjon sender berre éin representant i kvar klasse, så her har Åsmund starta med å slå den beste ungdomen i -70 kg i Danmark og den beste frå vertsnasjonen Serbia, seier Bruarøy.

Åsmund vann den andre kampen 8-3.

I tredje kamp nærma det seg finale. Den tapte han dessverre 3-8 for utøvaren frå Bosnia.

- Bosniaren gjekk ikkje til finale, så då blei det dessverre ikkje rekvalifisering og håp om bronse for Åsmund. Han kan likevel seia seg nøgd med å koma så langt i første internasjonale meisterskap med landslaget, seier trenaren.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: