Sport | 26. juli 2014

Vann gull i Danacup

Fire gutar frå Os gjekk heilt til topps i Danmark, to jenter var med på å ta bronse.

Vann gull i Danacup
F.v.: Tobias Nøss, Ole Martin Kolskogen, Knut Jordal og Alexander Tøssebro med pokalen frå Danacup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. juli 2014 21:33

J15-spelarane Andrine Døsen og Anne Fjeldstad frå Os Turn rauk ut i kvartfinalen på straffespark med Gneist, etter å ha halde nullen heile vegen til kampen om plass i den eine semifinalen.

Dei to gjorde seg klare for å reisa til Norway Cup då Gneist også ville ha dei med på J16-laget, der det blei tap i semifinalen og delt 3. plass før avreise til Oslo.

Dei fire G13-spelarane, Ole Martin Kolskogen og Tobias Nøss på hospitering frå Os, og Knut Jordal og Alexander Tøssebro frå Lysefjorden, gjekk heilt til topps med Fyllingsdalen.

Fredag ettermiddag tok dei ein suveren 6-1-siger i semifinalen, som gjekk mot Flint Tønsberg. Laurdag morgon vann dei finalen 3-1 over danske Vendsyssel.

Heile troppen er god

– Vi har ein brei og god tropp. Mens andre gode lag gjerne har 7-8 spelarar som skil seg ut med spesielt gode eigenskapar i forhold til alderen, stiller vi med 18 svært gode. I ei lang turnering som denne har dette mykje å seia, seier Fyllingsdalen-trenar Frode L. Sæle.

– Dei to frå Lysekloster, som har meldt overgang, og dei to frå Os som har hospitert hos oss det siste halve året, passer veldig bra bra inn i gruppa.

– Hos oss får dei ekstra utfrordringar, noko dei også får i eigen klubb eit år opp i alder. Og det treng spelarar som desse om dei vil ha best mogleg utvikling.

Mykje spel – lite kjeglekjøring

Fyllingsdalen sine smågutelag har skilt seg ut dei siste åra. Sæle fortel at høgt tempo og mykje spel er del av oppskrifta.

– Spelarane får nesten inga øving éin og éin med ball gjennom kjegler. Det får dei ta som eigentrening.

– Vi har fokus speløvingar, som 3 mot 3 og overtalsspel, med svært høgt tempo. Speler på trening skal vera meir intenst enn i kamp, i tillegg lærer vi spelarane ganske avanserte spelesystem i forhold til alderen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.