midtsiden

Vann gull i Sverige

Dei beste utøvarane i Os Karateklubb deltar i helga i eit stort internasjonalt stemne. Både Åsmund og Henrik fekk medalje.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, november 7, 2010 - 16:23

Åsmund Slettevold, Henrik Reed Larsen og Erlend Slettevold, som også er på det offisielle allstylelandslaget, deltar i helga i Stockholm Open.

Åsmund vann gull i kamp og tok ein fin bronsemedalje i kata laurdag.

Sundag var Henrik og Erlend i elden i seniorklassen.

- Erlend gjekk fire kampar, vann to og tapte ein. Så blei det bronsefinale. Der leia han, men slo litt for hardt mot slutten av kampen og blei diska, fortel Åsmund.

Henrik vann overlegent 8-0 i første kamp.

I den andre kampen tapte han for vinnaren av klassen, noko som gjorde at han fekk delt bronse.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11