
Osdamene hadde godt kontroll på Askøy torsdag. Her representert ved Hilde Kristine Røttingen og Madeleine Hjertnes (Arkivfoto: Andris Hamre)
Vann med 21 mål!
Damelaget til Os tok torsdag i mot Askøy til oppgjer heime i Oshallen. Askøy har sålangt i sesongen berre tatt eitt poeng og ligg sist på tabellen.
- Vi var einige om å vera konsentrerte og fokuserte i forsvar og det klarte jentene på ein strålande måte, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.
Han var litt spent på om damene ville gå i fella med å slappe av mot ein så mykje dårlegare motstandar.
- Det er ofte det som skjer, men eg minna jentene på at det ikkje var i forsvar vi skulle skåre måla.
I angrep hadde han gitt Os-spelarane i oppgåve å bruke tid og spele lengre angrep enn det dei har gjort dei siste kampene.
- Vi kjem litt seint igang før vi lykkast angrepsmessig, men vi hadde tålamot og får betalt utover i kampen.
Berre 5 bakover
Til pause leiar Os allereie med 10 mål, 16-6. Pausa nytter Lyssand til å gjere avtale med spelarane om at dei ikkje skal sleppe inn meir enn 11 mål totalt.
- Eg er veldig nøgd med at vi klarar den målsettinga, smilar Lyssand etter at sigeren 32-11 var i boks.
Sjølv om Lyssand omtalar det som ein lagsiger, legg han ikkje skjul på at det er godt å ha to fantastiske keeperar bakerst i Vibeke Ingebrigtsen og Eva Kristiansen.
Ventar knalltøff kamp
Laurdag klokka 16 tek Osdamene i mot Sotra til nytt oppgjer i Oshallen.
- Då håpar eg jentene får massiv støtte frå tribuna.
- Sotra er uten tvil divisjonen sitt formlag for tida etter at dei styrka stallen med to spelarar.
- Det kjem til å bli ein tøff heimekamp, men vi gler oss stort, avsluttar Ostrenar Erlend Lyssand.
Os stiller med fullt mannskap og melder om gode treningar den siste tida.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no