Sport | 22. aug. 2017

Vann NM-gull for tredje år på rad

Christine Bierling frå Os byrja å ro i 2014. I helga var ho med søstera Caroline og Fana Roklubb med på å ta sin fjerde NM-medalje.

Vann NM-gull for tredje år på rad
Damene frå Fana kom i mål to sekund før neste båt. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. aug. 2017 08:25

Bildeserie:

Caroline og Christine Bierling. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
Caroline og Christine Bierling. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
Tredje gull på rad. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
Tredje gull på rad. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
1 av 2
Caroline og Christine Bierling. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)
Tredje gull på rad. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)

Bilde, f.v.: Caroline Bierling, Christine Bierling, Åsta Nordsveen Sulen, Mari Heide Feiring, Caroline Elisabeth Nilssen Skagestad, Birgitta Husebye, Mille Charlotte Bruun-Olsen Hauge, Lise Skarstein Jakobsen og COX Emilie Sandal Stragiotti. (Foto: Martin Hjelle Nyhammer)

Helga 19. og 20. august blei NM i roing arrangert på Årungen. Ein x8-båt frå Fana Roklubb tok gull for tredje år på rad.

– I fjor vann vi 0,9 sekund framfor 2. plass, Christiania, i år var det krevjande forhold med ein del vind og uroleg sjø, men vi hadde ein god strategi, fortel Christine Bierling.

Det første stykket av 2000-meteren var meir stille, og jentene blei einige om å dra på litt ekstra, ikkje berre i starten, men fram til dei rodde inn i bølgene.

– Då vi passerte 1000 meter hadde vi ei heil båtlengde på neste. Motstandarane prøvde å setja inn eit støt siste 500, men vi heldt leiinga og vann med 2 sekund.

Veteranar og nykomarar

Christiania frå Oslo sine to båtar, som var suverene før båten frå Fana kom inn i bildet for nokre år sidan, måtte nøya seg med 2. og 3. plass i år òg.

– Det var tidlegare topproar Benedikte Tollefsen som samla saman dette laget i 2013. I 2014 tok vi sølv, sidan har vi vunne. Benedikte var ikkje med i år, men var om bord då vi tok gull i 2016 og 2015.

Christine fortel at laget består av ei blanding av erfarne roarar og spreke studentar. Sjølv byrja Christine, som i utgangspunktet var handballspelar, å ro då ho studerte i Nederland. Heime igjen i Os blei ho del av båten frå Fana.

– Fantastisk trenar

Då Tollefsen hadde samla saman eit lag blei jentene godt mottatt i Fana Roklubb.

– Vi har veldig godt miljø i laget og vi blei tatt imot med opne armar i klubben.

– Eg må seia at vi har vore svært heldige og fått Thorvald Jakobsen som trenar, han har lang erfaring og har vore heilt unik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.