Erlend Opheim Instebø. (Foto: Lysekloster il)

Vann over Os i Norway Cup-finalen i fjor

No blir Erlend O. Instebø ein av fire unge talent Lysekloster skal ha inn i A-stallen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Erlend Opheim Instebø, fødd i 2000, har signert toårskontrakt med Lysekloster.

– Vi skal ha inn fire talentfulle ungdomar. Erlend har trent med oss i rundt ein månad, og er den første av desse fire, skriv Lysekloster på si Facebook-side.

Sportsleg leiar Svein Kollen seier Lysekloster har opplevd bra pågang frå unge talent som vil prøva seg for satsingsklubben som var svært nær opprykk til 2. divisjon i fjor.

– Det er naturleg at vi er ein attraktiv arena. Hordaland har ingen lag i 2. divisjon, og dei beste ungdomane bør få bryna seg litt på seniorfotball på eit visst nivå, seier Kollen til Midtsiden.

– Instebø er ein lynrask kantspelar, og ein ungdom med gode haldningar. No skal han få utvikla seg endå meir her hos oss.

Frå Sædalen mot Os i Norway Cup

Instebø kjem frå Sædalen, men var med på Sotra sitt lag (BT.no) som slo Os 5-0 i G17-finalen i Norway Cup i 2017.

Frå tidlegare uttak ser vi at han òg har vore på kretslaget og Talentsenter Vest, blant anna saman med Harry James Moore (tidlegare Lysekloster, no Os), Tobias B. Nøss (Os) og G17-landslagsspelar Ole Martin Lekven Kolskogen, som nyleg gjekk frå Os til Åsane.

Han spelte 19 kampar og skåra 4 mål for Sædalen sitt A-lag i 5. divisjon i fjor.

Fleire frå eigen stall?

Før sesongen i fjor inngjekk Lysekloster Il eit samarbeid med Nore Neset Il på gutesida i ungdomsfotballen.

– Eg har inntrykk av at samarbeidet har gått bra. For gutane sin del var det nok litt uvant, dette med ny draktfarge, men det har gått seg til.

Førstelaga, Lysekloster/Nore Neset, gjorde det bra på fleire årstrinn første år i samarbeid mellom dei to idrettslaga.

– Vi skal signera tre unge spelarar til. Den neste som blir tatt opp på A-laget blir frå eigen stall, seier Kollen, som førebels ikkje vil nemna namn.

Her er plasseringane Lysekloster/Nore Neset landa på etter haustsesongen:
G19 6. plass av 9 lag i 2. divisjon (Os 2 tok 5. plass)
G16 5. plass av 11 lag i 2. divisjon (Os tok 4. plass)
G15 9. plass av 9 lag i 2. divisjon
G14 5. plass av 11 lag i 1. divisjon
G13 8. plass av 9 lag i 1. divisjon