Ole Thomas Herrem, her i seriekamp mot Varegg i fjor, sette inn 1-0 på straffe i Vestlandshallen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vann treningskamp mot Varegg

Lysekloster får godkjend av eigen trenar etter vinterens første test.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag spelte Lysekloster treningskamp mot Varegg i Vestlandshallen.

Kampen enda med 3-0-siger til Lysekloster.

Alle måla kom før pause:
1-0: Ole Thomas Herrem på straffe i ca 10. minutt.
2-0: Martin Pedersen i ca 20. minutt.
3-0: Truls Hovland i ca 35. minutt.

Fekk sjå fem nye i aksjon

– Vi hadde nokre veldig gode periodar, og nokre som ikkje var så bra. Det var rundt fem sjansar til eg skulle ønskt vi skulle fått utteljing på, men alt i alt var dette ein ok treningskamp, synest Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Han er nøgd med siger og med å halda nullen. I serien i fjor vann Lysekloster 3-1 borte og spelte 1-1 etter omdiskutert offside (sjå video og les dommaren sin kommentar til feilen).

– Eg hadde med 16 spelarar til kamp, og det var spesielt kjekt å sjå dei fem nye i aksjon, dei viste alle at dei kan bli viktige for oss denne sesongen. Kjetil Hansen sto heile kampen i mål.

To ungdomar fekk spela sin første kamp med Lysekloster sitt A-lag i dag, nysignerte Erlend Opheim Instebø frå Sædalen og Eirik Spangelo Haga frå eigen stall (Nore Neset)

Håland lite nøgd

Varegg, som i fjor landa på 6. plass i avdeling med Lysekloster (2. plass), har no osingen Ørjan Håland som trenar. Dette var Varegg sin andre treningskamp og andre tap.

– Resultatet var greit, det bryr eg meg ikkje om. Men eg er skuffa over at vi ikkje presterte betre på det vi skulle øva på i denne kampen, seier Håland.

Det er særleg press-spelet han har hatt fokus på, og som ikkje fungerte slik han ville.

– Press-spel er vanskeleg, men eg hadde venta meg meire heilhjarta forsøk.

Håland hadde med seg 17 spelarar og brukte to keeperar.

– Vi hadde fem førstelagsspelarar vekke, men fekk òg prøvd fire-fem nye. Alle fekk spela minst éin omgang.

Lysekloster speler neste treningskamp søndag om ei veke, då mot Nest-Sotra.

Denne kampen går i fotballhallen i Straume idrettspark (frå kl 16).

• Midtsiden samleside: Lysekloster fotball