Lokal | 09. apr. 2014

Vanskeleg 17. mai-val

Os kommune tek opp tradisjonen med barneteikning på 17. mai-programmet. Onsdag gjorde juryen sitt val.

Vanskeleg 17. mai-val
111 bidrag skulle vurderast av juryen for vinnaren blei plukka ut (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. apr. 2014 14:08

Bildeserie:

Ei ikkje heilt enkle oppgåve (foto: AH)
Ei ikkje heilt enkle oppgåve (foto: AH)
for ein engasjert jury (foto: AH)
for ein engasjert jury (foto: AH)
som etterkvart sto att med 15 teikningar i ein kvartfinale (foto: AH)
som etterkvart sto att med 15 teikningar i ein kvartfinale (foto: AH)
Dei 15 blei til tre (foto: AH)
Dei 15 blei til tre (foto: AH)
Før vinnaren blei kåra (foto: AH)
Før vinnaren blei kåra (foto: AH)
Teikna av Trine Schroth Eyjolfsdottir på Kuventræ skule (foto: AH)
Teikna av Trine Schroth Eyjolfsdottir på Kuventræ skule (foto: AH)
1 av 6
Ei ikkje heilt enkle oppgåve (foto: AH)
for ein engasjert jury (foto: AH)
som etterkvart sto att med 15 teikningar i ein kvartfinale (foto: AH)
Dei 15 blei til tre (foto: AH)
Før vinnaren blei kåra (foto: AH)
Teikna av Trine Schroth Eyjolfsdottir på Kuventræ skule (foto: AH)

Dei fekk ei vanskeleg oppgåve juryen som skulle plukke ut framsida på årets 17. mai-program.

111 teikningar frå nesten alle femteklassene i Os skulle finsiktast, vurderast, forkastast og veljast.

– Her var det utruleg mykje flotte teikningar, kommenter jurymedlem Stine Kobbeltvedt når ho får tatt det første overblikket.

Då har allereie 17. mai-general Kjetil Osablod Grønvigh, kultursjef Lisbeth Axelsen og tidlegare 17. maiprogramvinnar Kåre Mongstad starta si vurdering av bidraga.

Utstilling digitalt og fysisk

Medan juryen vurderar dei einskilde teikningane fortel Osablod Grønvigh kva som skjer etter utvelginga.

– Vinnaren kjem sjølvsagt til å prega framsida på programmet som skal ut i omlag 7000 eksemplarer og i alle postkassene i Os.

– I tillegg kjem vi til å digitalisera alle tekningene og laga ei vituell utstilling på kommunen si heimeside.

– Eg jaktar òg på eit ledig butikkvindauge kor vi kan stille dei fysisk ut.

Som bakteppe på scenen

Det siste sprellet komiteen har funne på er at teikningane skal danna ein kollasje under sjølve 17. maifeiringa på Kyrkjeflaten.

– Kollasjen kjem vi til å trykke opp som eit digert bakteppe på scenen, så også der blir det mogleg å sjå bidraga, smiler Osablod Grønvigh.

Vinnar frå Kuventræ

Etter ei omfattande vurdering, med fleire runder kor dei 111 teikningane, blei til 15, for så å bli tre, to, ei, sto juryen endeleg igjen med årets vinnar.

Eit klassisk 17. mai-motiv med barnetog, flagg og faner.

– Dette er vel den av finaleteikningane som òg speilar mykje av det vi har sett i dei andre bidrag, oppsummerer kultursjef Lisbeth Axelsen.

Vinnaren blei Trine Schrot Eyjolfsdottir frå 5A på Kuventræ skule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.