Sentrumssjef William Lindborg har funne seg vel tilrette på nytt kontor i Smiegården (foto: Andris Hamre)

– Utruleg mange spennande butikkar

Sentrumssjefen positivt overraska over utvalet: – Eg visste ikkje at det var så mange spennande butikkar her, seier William Lindborg.

Av: Andris Hamre

I om lag halvannan månad har William Lindborg sete i sjefsstolen for «nye» Os sentrumsforening.

– Eg har prioritert å koma i orden og å førebu det komande årsmøtet i neste veke, men å bli litt meir kjend med butikkane, og i sentrum, har eg fått gjort meg.

– Det har vore veldig hyggeleg å stikka innom butikkane og få møte både drivarar og tilsette i dei ulike butikkane. Eg har ikkje rekt å vera innom alle enno, men éin ting som har slått meg er kor vanvittig mange spennande butikker vi har i sentrum. Det er mange eg som tredveårig småbarnsfar ikkje har tenkt over fantes. Det mangfaldet er noko vi må klare å få endå betre fram.

Ny nettside

Ein måte Lindborg har tenkt å klara det på er ei oppgradering av heimesida til sentrumsforeninga.

– Eg har utfordra medlemmane til å skrive om seg sjølv til heimesida. Det har ikkje vore ei heilt enkel oppgåve, men saman så skal vi klara å få til å presentera dei på ein god måte.

– Du veit mange av dei som driv verksemder her i sentrum har ikkje ei kjede med marknadsavdeling i ryggen som fortel korleis og kva ein skal skriva, i staden vil eg prøva å hjelpa dei slik at vi får ein god presentasjon av alle, fortel Lindborg.

Plass til begge

Den nye sentrumssjefen har òg rekt å ta ein prat med kollega Silje Lygre på Amfi Os.

– Det var ein god prat. Det er forskjellige typar butikker i sentrum og på Amfi. Eg er heilt klar på at det er plass til oss begge. Saman skal vi klara å dekkje alle behov folk har i Os.

– Er det noko type butikk du saknar i sentrum?

– Når leikebutikken legg ned, så kunne eg ønskt meg at vi fekk inn ein butikk som treff litt det same segmentet. Gjerne med barneklede og leikar. Samstundes er det jo slik at det ikkje er vi som sentrumsforening som styrer kven som etablerar seg i sentrum, men vi kan kanskje vera med å koma med innspel når grunneigarar skal leiga ut.

Treng bustadar

Lindborg har fått med seg kommentarar om at det er lite folk i sentrum midt på dagen.

– Ein kan jo sjå på det på fleire måter. Ein måte er jo å vera glad for at folk er på jobb, men eg gler meg veldig til å få folk som bur i sentrum. Eg trur det å få leilegheiter i sentrum er avgjerande for å få liv på øyro slik som det var i gamle dagar då folk som drive butikkar her også budde i dei same husa.

– Det er jo slik at vi leiker helst i vår «eigen hage», og for dei som kjøper leilegheit her, så blir sentrum deira «hage».

Moteshow, vårslepp og marknadsdagar

Når det gjeld arrangement følgjer den nye sentrumssjefen tidlegare tradisjonar.

– Det første ut er moteshowet i Tunet kykje- og kultursenter 21. mars som Tove på Madam Ane står for. Der blir eg nok mest med som læregut og for å hjelpa til med rigging og liknande.

– Det neste på programmet er vårsleppet 29. april. Det òg blir relativt tradisjonelt, men eg har eit ønskje at vi skal få det til å blir eit vårslepp og ikkje berre ein vanleg marknadsdag, poengterer Lindborg, som òg er i gang med å planleggja marknadsdagane sankthanshelga 22. til 24. juni.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.