Sport | 11. feb. 2017

– Vår beste til no

Hassan El Fakiri er nøgd med troppen som i dag spelte treningskamp mot Fana.

– Vår beste til no
Olis kom til to store sjansar mot Fana i dag. – Han og Øystein Takle Eide fungerte veldig bra som spisspar, seier El Fakiri. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. feb. 2017 16:37

Vi er i veke 6, men Os har allereie spelt sin treningskamp nummer 4.

Trenar Hassan El Fakiri var ikkje nøgd etter 0-5-tapet for Fyllingsdalen i førre runde. I dag såg Os betre ut.

– Vi gjorde ein veldig god kamp, vår klart beste til no. Vi hadde fine avstandar gjennom heile kampen og fekk til spelet vårt både offensivt og defensivt.

– Måla imot kom på slutten av kampen. Vi kunne like gjerne ha leia 2-0 då desse måla kom, fortel El Fakiri.

Ole Martin Kolskogen hadde to store sjansar.

– Ole Martin spelte spiss med Øystein Takle Eide. Saman skapte dei mykje.

Fana - Os 2-0 (0-0)
Os: Anders Fosen Lunde - Fredrik Haustein, Adrian Valle, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Torgeir Lunde, Rafael Villén - Steffen Ljosheim, Glenn Krossøy - Ole Martin Lekven Kolskogen og Øystein Takle Eide.
Innbytarar med speletid: Endre Brenne, Thomas Lunde Fosen, Anders Havsgård og Simon Moberg Søvik.

Os måtte klara seg utan blant andre El Fakiri, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm og Christoffer Hafsås. Villén har nyleg vore ute i ti dagar, Brenne var også redusert, men var innpå i andre omgang.

Simon Moberg Søvik fekk sine første minutt med A-laget i Vestlandshallen mot Fana i dag.

Neste treningskamp går mot Loddefjord laurdag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.