Lokal | 09. jan. 2018

Var denne helsinga for hard for Hordfast?

Leiar for aksjonsgruppa mot bru over Bjørnafjorden utestengt frå Facebook-gruppe. – Ein glipp, seier administrator.

Var denne helsinga for hard for Hordfast?
Omtrent sånn såg helsinga ut. Så opplevde Geir-Magne (t.v.) at han ikkje lenger hadde tilgang til å kommentera på Facebook-sida. (Foto: FMBOB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. jan. 2018 14:16

Hordfast, E39-prosjektet som skal gjera kyststamvegen ferjefri, har si eiga side på Facebook. Denne er open for alle som vil lika eller følgja, men etter ei helsing i jula opplevde Geir-Magne Johnsen Moberg både å bli sensurert og utestengt frå sida.

– Eg har vore i ein del dialogar med Øyvind Halleraker (dagleg leiar i Hordfast) i kommentarfelta, blant anna i Midtsiden. Me er sjølvsagt ikkje einige i denne saka, og eg opplever han av og til som hårsår, men å stenga meg ute synest eg er drygt.

Geir-Magne er leiar for Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden (FMBOB).

Utestenginga kom etter at han la til noko han sjølv synest er ei venskapeleg og litt humoristisk helsing før jul.

– Hordfast hadde lagt ut bilde av styret sitt. Som kommentar til dette la eg ut bilde av vårt styre. Teksten er vekke, men den var omtrent som dette: «Og her er styret i FMBOB, som skal jobba knallhardt for at ikkje det blir bru» (supplert med smilefjes og tommel opp).

– No opplever eg at eg verken kan kommentera eller reagera med «likes» eller liknande, det ser ut som om eg er utestengd. Er det verkeleg sånn at det ikkje er rom for noko anna enn heiarop og positivitet på denne sida, at leiaren for ei aksjonsgruppe ikkje skal få ytra seg?

– Moberg er IKKJE utestengd

Midtsiden lukkast i å få tak i Øyvind Halleraker i ein pause på eit seminar hos NHO, som eig Hordfast, i dag.

– Moberg er absolutt ikkje utestengd, her må det vera ein glipp eller ein feil, seier Halleraker.

– Denne sida er meint for meiningsutveksling, og sjølv om vi har opplevd innlegg som vi har sett på som upassande, er det så vidt eg hugsar ingen andre som har blitt utestengd heller.

Halleraker seier han er redaktør for sida, men ikkje einaste administrator, og at han no vil sjekka kva som har gått gale og sørgja for at Geir-Magne får tilgang igjen.

Har hatt sensur

Om Halleraker ikkje hugsar å ha stengt nokon ute, har enkelte diskusjonstrådar blitt sletta.

– Eg bruker mykje tid på både å informera, kommentera og diskutera på denne Facebook-sida til Hordfast. Ei av årsakene er at eg opplever at enkelte har ei oppfatting basert på faktafeil, at dei har eit forvrengt bilde av verkelegheita.

– Ein tråd eg sletta var ein lang diskusjon med ein som viste seg å ha viktige interesser i området, men som ikkje var tydeleg på dette frå start. Denne diskusjonstråden tente ingen, slik eg såg det, så då diskusjonen var over fjerna eg heile tråden.

– Elles har vi òg hatt nokre personangrep, det blir ikkje akseptert. Når eg oppdager desse så har eg sagt at, om ikkje dei gir seg, så diskuterer eg ikkje vidare med vedkomande. Då har det roa seg, og vedkomande har ikkje blitt utestengd på nokon måte.

• Midtsiden samleside: E39 Stord-Os (Hordfast)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.