Lokal | 18. apr. 2017

Var det ein hai som åt halve fangsten?

– Han må ha hatt skarpe tenner, seier Adrian om fisken som stal halve kvitingen han fekk på kroken utanfor Os.

Var det ein hai som åt halve fangsten?
Adrian merka ikkje noko då han drog opp fisken, og blei overraska då han såg at nokon har tatt eit jafs av sporen på veg opp. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. apr. 2017 08:38

Adrian Valle har opplevd liknande før, på fisketur i Spania og i California, men ikkje på heimebane i fjorden utanfor Os.

– Eg fiska på rundt 100 meters djupne, mellom Raudholmande og Sandholmane, og fekk tre langer og ein uer før eg drog opp den avkappa fangsten.

I går la han ut bilde av den halve kvitingen på Facebook og spurde sambygdingane kva dei trudde om jafset.

Kan vera hai

Bildet har fått fleire kommentarar og blant forslaga er steinbit, pigghå, breiflabb og nise, men òg større hai, som håbrann, blåhai og håkjerring.

– Det er jo mykje pigghå i fjorden, men eg trur dei er for små til å bita sporen av ein fisk på 1,2 kilo i eitt jafs.

– Eg merka jo ingenting på stanga då eg drog opp fisken.

Sjølv har Valle mest tru på at det var ein noko større hai, eller kanskje ei nise, som tok halve fisken.

– Det går jo håkjerring i fjorden, men dei er vel så store at dei hadde tatt heile fisken. Håbrann er meir sjeldan, men kanskje mest sannsynleg.

Episoden skjedde rett på utsida av Raudholmane, som ligg utanfor Mobergsvikjo. Det kan gå mot ein haisommar i Os ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.