Sport | 27. aug. 2016

Var gode, ei stund

Lysekloster leia til pause, men fall saman i andre omgangen og tapte 2-4 for Nest-Sotra.

Var gode, ei stund
Lysekloster-trenar Thomas Sandal fortel at dei gjekk tom for krefter halvvegs i andre omgangen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. aug. 2016 16:18

Sist dei møtte Nest-Sotra blei det braktap (1-9!) og oppvask i garderoben på Edne. Etter det har det gått berre ein veg for munkane frå Lysefjorden.

Laurdag var det duka for nytt møte med laget som indirekte var med å snu trenden for Lysekloster.

Nest-Sotra tok rett nok leiinga på straffe etter 12 minutt, men berre tre minutt seinare satte Baste Jonassen inn reduseringa til 1-1, også det på straffe.

– I første omgangen er vi veldig gode og har god kontroll. Vi har òg eit par 100%-sjansar i løpet av dei 10-12 minutta som vi nok burde ha skåra på, fortel Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

2-1 set Petrit Zubi inn berre minuttet før dommaren ble av til pause.

Nest-Sotra skaper stort sett sine sjanser på dødball-situasjoner den første omgangen.

Nest-Sotra - Lysekloster 4-2 (1-2)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Joshua Philip Pritchard, Ståle Steen Sæthre, Sebastian Holmqvist, Petrit Zhubi.
Innbyttarar med speletid: Thomas Helland, Thomas Aarsund, Martin Eidsvik

Fell saman

Lysekloster starter også andre omgangen bra, men etter eit kvarters tid fell Lysekloster saman.

Sjå tabellen

– Då svikter vi og står ikkje opp for kvarandre. Vi har moglegheiten til å punktere kampen på 2-1, men misser. I staden utligner Nest til 2-2. Då går lufta ut av ballongen og vi har ikkje meire krefter, oppsummerer Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.