Lokal | 13. juni 2017

Var ikkje rusa likevel

Mannen i 40-åra som blei stoppa og mistenkt for køyring i rusa tilstand i Hagavik i slutten av mai, var edru syner blodprøvene.

Var ikkje rusa likevel
Politiet stadfestar at blodprøvene syner at mannen ikkje var rusa (ill.foto: AH)
Andris Hamretirsdag 13. juni 2017 11:12

Torsdag 25. mai klokka 17.30 blei ein mann i 40-åra stoppa av politiet i Hagavik. Patrulja som stoppa mannen fekk mistanke om at han køyrde i berusa tilstand og gjennomførte ein tegn- og symptomtest som gav dei skjellig grunn til mistanke. Noko som gjorde at dei tok mannen med til blodprøvetaking.

Set spørsmålsteikn med metoden

Mannen, som etter analysen av blodprøvene viste seg å vera edru og rusfri, stiller seg i ein e-post til Midtsiden kritisk til metodane politiet nytta då dei testa han.

– Eg set spørsmålsteikn ved politiet sine metoder. Når testen blei utført på meg blei det kun brukt ein finger som eg skulle følgje med synet frå side til side. Då eg var til fastlegen min for å få kontrollert om eg har nystagmus (ufrivillig rytmisk augebevegelse, journ.mrk) som politibetjentane påsto eg hadde den aktuelle dagen, så brukte han lykt og kontrollerte pupillene mine. Både eg og fastlegen min meiner metoden politibetjentane nytta er feil, skriv mannen, som ønskjer å vera anonym i e-posten til Midtsiden.

Nyttar godkjent metode

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor stadfestar at dei har fått svar på blodprøvene og at dei ikkje viste teikn til rus. Mannen har òg fått att førarkortet.

– Kva seier du til spørsmålsteiknet mannen set til metoden patrulja nytta då han blei stoppa?

– Desse testane er utvikla gjennom politihøgskulen sine system, og er godkjent av justisdepartementet for bruk i teneste. Betjentane som kan nytte desse ute på patrulje har gjennomgått opplæring og blitt sertifisert i dei. Eg kan ikkje gå meir inn på det enn det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.