Anne Fossberg Fristad. (Privat foto)

Vår kjære Anne!

Minneord om Anne Fossberg Fristad - frå Os kommune og frå kollegaer ved Nore Neset ungdomsskule.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Anne Fossberg Fristad (13. oktober 1954 - 27. oktober 2017)

Under følgjer to minneord, eitt frå arbeidsgjevar, eitt frå kollegaer.

MINNEORD OM ANNE FOSSBERG FRISTAD

Anne, eit skulemenneske, heilt og fullt. Skulen var viktig for Anne, små og store menneske var endå viktigare.

Anne starta i Os kommune ved Nore Neset skule i 1980. Der arbeidde ho først som lærar, og dei siste åra som inspektør. Frå 1991 og ut 2013 arbeidde Anne som rektor ved fire ulike skular i kommunen. Alle desse fekk nyte godt av hennar kapasitet og arbeidsinnsats. I januar 2014 blei Anne rektor ved Nore Neset ungdomsskule, og ein meir engasjert rektor og skuleutbyggar må vi leite lenge etter! I perioden fram til opning av ny skule engasjerte ho seg i alle bygningsmessige detaljar samtidig som ho hadde full merksemd på etablering av leiarteam, bygging av ny skulekultur og skuleutviklingsarbeid.

I åra som skuleleiar har Anne jobba hardt for den skulen ho var leiar ved, men like mykje har ho stått på for felles skuleutvikling og felles kulturbygging i Os. Anne sitt blikk for heilskapen og engasjementet for «vi-tenking» har vore viktig for heile oppvekstsektoren i Os og for alle oss som jobbar her. Anne sin kompetanse og hennar evne som god og klok samtalepartnar har gjort at ho fekk rolla som mentor og rettleiar for mange av våre skuleleiarar.

Anne sa ofte at ho var heldig som jobba i Os kommune. Vi er endå heldigare som har hatt Anne som pedagog, leiar, mentor, rettleiar, kollega og venn. Anne var raus, open, engasjert og humørfylt. Ho utstrålte ein varme som trefte kvar og ein av oss. Ho møtte alle rundt seg med ei positiv haldning, og vi høyrte ofte: «Dette får vi til!»

Anne var utviklingsorientert, alltid interessert i nye utfordringar, alltid på farten og ho har gitt mykje av seg sjølv i jobben. Vi er særs takksame for dette. Takksame overfor Anne, men og overfor Vidar og resten av familien som delte Anne med oss.

Mennesket og skuleleiaren Anne har sett spor etter seg i Os-skulane, i kommunen og i lokalsamfunnet. Vi er mange som er takksame for arbeidet, engasjementet, medmennesket og leiaren.  Vi kjenner på saknet og veit at det Anne stod for vil følgje oss vidare.

Varme tankar og medkjensle går til Vidar og familien.

På vegne av Os kommune
Line Rye

MINNEORD OM ANNE FOSSBERG FRISTAD

Vår kjære Anne, vår gode stødige sjef og vår gode venn! Det var med stor sorg vi mottok meldinga om at Anne ikkje lenger er blant oss. Anne var i sitt arbeid levande engasjert, hadde stor arbeidskapasitet og synte ei stor livsglede.

For oss kollegaer var ho ein synleg og trygg leiar. Gjennom si leiarrolle, omsorgsfull og lyttande, fekk ho oss med på det meste. Og vi var aldri i tvil om at det var elevane sitt beste som var drivkrafta.

Hennar erfaring og gode kompetanse kom godt med når ein ny skule skulle starta opp hausten 2014. Alle system måtte lagast og utviklast, og Anne deltok på alle områda. Alt frå byggjeprosess, personalsamansetjing til rydding og klargjering til opning. Ho var stolt av det nye, flotte bygget, men ho var særleg opptatt av menneska og læringsaktiviteten gjennom skuledagen.

Engasjementet hennar kom særleg til syne då ho kom inn på kor viktig det var med tilpassa opplæring, elevmedverknad og demokratiske prosessar. Anne sitt positive elevsyn var den berande bjelken i hennar leiarskap.

I fellessamlingar for elevar snakka Anne ofte om kor viktig det var med allsidig bruk av hjernen. «Motorvegane» måtte utviklast. Og det var rørande då dette blei referert til i talen frå elevrådet ved avslutningsfesten for 10. klasse i vår.

Anne var utviklingsorientert, samfunnsengasjert og følgde med i tida. Ho forstod at den ungdommen som veks opp i dag, møter eit anna samfunn enn det vi vaks opp i. Ho var ein pådrivar for at skulen måtte utvikla seg, samtidig som ho sa at det var viktig å skunda seg langsamt. Anne kunne faget sitt og skuleutvikling «trigga» henne. I utviklingsarbeidet til skulen var ho i arbeidsprosessane med personalet ein god rollemodell der ho brukte sine strategiar bevisst.

Nore Neset ungdomsskule har mange tilsette. Anne såg alle, brydde seg om kvar og ein og la til rette for eit godt arbeidsmiljø. Ho gjennomførte alle medarbeidarsamtalane sjølv. Før samtalane inviterte ho seg inn i ein time til den medarbeidaren ho skulle ha samtale med. Ho såg etter det positive, og kom alltid like oppglødd tilbake.

Anne har sett djupe spor etter seg, dei kan ikkje viskast bort. Ruslar ein rundt på skulen vår, vil ein sjå at kvar avdeling har eit namn eller tema med tilhøyrande dikt til. Kvart klasserom har og sine namn etter historiske personar. Anne ønskte å pirra nysgjerrigheita til elevane og til besøkande på skulen. Og verdisynet til skulen vil stå seg i mange generasjonar.

Vi takkar for den tida vi fekk saman. Saknet er stort!

Varme tankar og medkjensle til Vidar og familien.

På vegne av kollegaer ved Nore Neset ungdomsskule,
Øystein Holmaas