Lokal | 23. juli 2017

Var vanskeleg - hamna i arresten

Brisen mann nekta å seia namnet sitt til politiet. Ein annan mann truga ein kvinneleg drosjesjåfør.

Var vanskeleg - hamna i arresten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. juli 2017 07:14

I 1-tida natt til søndag møtte politiet ein mann i Os sentrum som såg i overkant rusa ut.

– Vedkomande nekta å oppgje personalia, dermed blei han køyrd til Bergen for overnating i arresten, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Mannen er meldt for å uroa offentleg fred og orden, og for ikkje å oppgje personalia, og kan venta seg eit forelegg før han slepp ut av cella i dag.

Truga taxisjåfør

Klokka 05.22 meldte operasjonssentralen om ein taxi-passasjer som var trugande.

– Os: Taxisjåfør meldt om passasjer som har utagert, skadd drosjevogna og oppført seg trugande. Politiet på staden og i kontakt med mistenkte.

Mannen, som er i 20-åra, skal ha rive ut takstameteret og kome med upassande tilnærmingar til den kvinnelege sjåføren.

Såg fyrvekeri på Ferstad

Om lag samtidig, litt før klokka eitt i natt, fekk politiet melding frå Ferstad om fyrverkeri.

– Slik vedkomande skildra det har dette truleg blitt skote opp på Lekven, seier politiet, som ikkje fann ut kven syndaren var.

Påkøyrd katt

Rundt midnatt blei ein katt påkøyrd på Byvegen nær Kuvenbakken.

Katten døydde og skrotten blei overatt av Statens vegvesen.

Tatt med for tung hengar

I morgontimane søndag møtte politiet ein bil med hengar.

– Det var overlast i hengar og førar fekk eit forelegg, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.