Vårkonsert med urframføring
Kyriake med band framfører ein heilt ny salme av Norvald Johan Kobbeltvedt når dei syng i Nore Neset kyrkje søndag kveld.
Kyriake med band inviterer til ny salmekveld i Nore Neset kyrkje søndag kveld (kl 19.00).
Denne gongen stiller koret med band, og det blir gjenhøyr med utvalde songar frå CD-en «Noko attåt», under leiing av vår lokale komponist og korleiar Norvald Johan Kobbeltvedt. Dei som ikkje har sikra seg CD-en før, kan få kjøpt han der.
Urframføring og markering av Luther-året
Du kan også gle deg til urframføring av ein ny salme frå Norvald si stødige komponisthand.
Vi er midt i jubileumsåret for reformasjonen 1517, så vi legg inn ei lita Luther-markering.
Litt «krydder» blir det, i form av resitasjon og dikt, og høve til å syngja med på nokre songar frå den nye salmeboka.
Gratis inngang - kollekt til dekking av utlegg. Velkommen til fellesskap omkring lokal og nasjonal salmeskatt!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.