Torsdag formiddag kan det bli mykje vatn varslar meterologane (arkivfoto: AH)

Varslar ekstremt høgt vatn

Meteorologane med varsel om stormflo: Torsdag formiddag kan det bli blautt langs fjorden.

Av: Andris Hamre

Meteorologisk institutt har gått ut med ei sokalla Fase A-varsel for strekninga mellom Åna Sira og Stad. Det betyr at det kan bli ekstremvêr og at dei har auka overvakinga av situasjonen.

– Folk ved kysten må førebu seg, åtvarar statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

199 cm over null

Prognosene fortel at vi klokka 10.20 torsdag vil få ein vasstand 199 cm over sjøkartnull og 67 cm over berekna tidevatn. I tabellen over vasstandnivå blir 199 cm omtala som høgvatn med 100 års gjentakelsesintervall.

I skrivande stund er det òg varsla stiv kuling frå vest-sørvest, men dette varselet er noko usikkert.

– Dette varselet er spesielt viktig for deg som har hus eller naust ved sjøen. Folk bør ikkje ha ting dei er redde for på golvet i naustet, og kanskje kan dei dekkje til med sekkar slik at det ikkje trenger vatn inn under døra. Båtar som ligg på land må trekkast godt opp, seier meterologen til yr.no.

Bakgrunnen for varselet er astronomiske forhold, måten månen og sola står i forhold til kvarandre desse dagene.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.