Banktjørn ein dag med høg vasstand. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Varslar flaum

Mykje regn og snøsmelting får NVE til å melda 5-årsflaum på Vestlandet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, februar 22, 2012 - 10:33

Det er meldt så mykje nedbør dei neste timane at Norges vassdrags- og energidirektorat varslar flaum.

NVE varslar flaum når det er venta vassføring med meir enn 5 års gjentaksintervall.

"Vannføringen i de fleste elver vil øke raskt og det ventes flomvannføring rundt 5-årsflom i elver som har den største delen av sitt nedbørfelt under 1000 moh. Spesielt i små vassdrag vil det bli rask vannføringsøkning."

Varme i fjellet gjer at snøsmelting er med på å gjera vassmengda stor. Det er også fare for jordskred og snøskred enkelte områder.

Blir neppe så gale i Os

Ifølgje Yr.no skal det i Os regna oppmot 35 mm i løpet av onsdagen, mest midt på dagen. Torsdag er det meldt 12 mm nedbør, mesteparten skal koma på kvelden.

Det er ikkje meldt spesielt høg flo desse dagane og frisk bris er høgaste vindstyrke som er venta i Os.

Men Oselvo og ein del bekkar blir nok høg dei neste dagane.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11