Lokal | 17. okt. 2014

Varslingsystemet svikta

2000 SMS kom ikkje fram da kommunen sendte ut kokevarsel. – Vi er i dialog med leverandøren, fortel Marianne Kramer.

Varslingsystemet svikta
Teknisk sjef, Marianne Kramer, gav torsdag formannskapet ei statusoppdatering på situasjonen rundt vatnforsyninga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. okt. 2014 07:38

Onsdag ettermiddag fann Bergen Vann feilen som gjorde at vatnrenseanlegget til kommunen ikkje fungerte tilfredsstillande.

– Det er ein kollaps i inntaktsledningen i Krokvatnet som er årsaka.

– Dette er ein 30 år gamal ledning som var planlagt å skifta ut til våren, så konsulentane var allereie i gang med prosjekteringa.

– Det som no skjer er at vi lager ei midlertidig løysing med eit naudinntak som vil fungera fram til vi får gjort den endeleg utskiftinga, fortalde teknisk sjef Marianne Kramer til formannskapet torsdag.

Ledninga som er 800 meter lang, ligg 10 - 20 meter under vatnspeilet i Krokvatnet.

Må koka drikkevatnet i helga

Den midlertidige løysinga skal, om alt går etter planen, vera på plass i løpet av fredagen.

– Det blir helikoptertransport av delar og montering i dag, fortel Kramer fredag morgon.

– Vi kan ikkje oppheva kokevarselet før vi har fått spylt gjennom ledningsnettet med reint friskt vatn.

– Difor opprettheld vi kokevarselet for drikkevatnet gjennom helga.

Fekk støtte for varslinga

I formannskapet fortalde Kramer at beslutninga om å sende ut kokevarsel om natta var noko ho tok.

– Uansett kva løysing vi hadde vald så hadde vi måtte senda ut kokevarsel.

– Beslutninga om det tok eg tysdag kveld og effektuerte i løpet av kvelden. Om det var rett kan gjerne diskuterast, sa Kramer.

– Det skal du ikkje tenkje på. Det var ei heilt rett beslutning. Du har formannskapet si fulle støtte på at du sendte ut varselet om natta, repliserte ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Det har du. Det hadde vore mykje verre om det ikkje hadde blitt varsla når vi som kommune visste om problemet, supplerte Lars Atle Skorpen (Ap).

– Men ein liten ting kunne vore gjort annerleis. Eg hadde hatt ei forventning om at eg hadde fått ei melding til dagen etter som sa noko om status og når eg kunne forventa ei endring eller nytt varsel. Det kan kanskje takast med når hendiga skal evaluerast.

Sendte 7000 SMS - 2000 kom ikkje fram

Meir kritisk var formannskapsmedlemmane til at ikkje alle fekk varselet som det skulle.

– Før eg sendte ut meldinga så testa eg det slik eg pleier.

– Alt såg bra ut, men då eg fekk høyra dagen etter at fleire ikkje hadde fått den, så sjekka eg i systemet.

– Det viste seg at omlag 2000 meldingar ikkje hadde status ok. Kvifor veit eg ikkje no, men vi er i dialog med leverandøren av systemet, forklarte Kramer formannskapsmedlemma.

Truleg ein understreking

Fredag morgon har Kramer igjen vore i dialog med leverandøren.

– Vi har hatt denne løysinga i fleire år og aldri hatt same problem, men så har vi heller aldri sendt ut så mange meldingar samstundes.

– Truleg er grunnen til at ikkje alle har fått meldinga no ein understrek i avsenderadressa.

– Det viser seg at ikkje alle teleoperatørane godtek dette.

– Dette har vi sjølvsagt endra på og får testa når vi skal oppheva kokevarselet, fortel ho.

– Men kan det vera at folk er registrert med feil nummer eller ikkje registrert i det heile tatt?

– Det er klart at det kan vera.

– Det folk kan gjera då er å gå inn på kommunen si heimeside og kontrollera sjølv at dei ligg inne med rette opplysningar, oppmodar den tekniske sjefen.

Sida for å sjekka om du er rett registrert finn du her.

Syner kor bra vi har det

Vittige sjeler har fleipa med at hendiga er planlagt frå kommunen si side for å setta fokus på TV-aksjonen, som nettopp handlar om reint vatn og kor Os kommune konkurrerar med Namsos og bydel Stovner i Oslo om å bli best.

– He, he. Det er bare ein fleip, men litt morsom då.

– Problemet viser at vi tek mykje forgitt og at vi er heldige som normalt har reint og godt vatn.

– Det har absolutt ikkje tilsikta, men om det kan bidra til at fleire gjev litt ekstra til TV-aksjonen på sundag, så er jo det berre bra, avsluttar Marianne Kramer med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.