Bergen Vann, som driftar vatnet i Os, søker no i Skeisleiar etter at det blei meldt frå Ravneberghaugen om mogleg brot. (Flyfoto frå 2012, KVB)

Vassbrot: Søkte etter feil i stort område

Ravneberghaugen var første som meldte om feil. Samtidig er det utslag på målar på Ulven. (OPPDATERT)

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 5-tida tysdag morgon fekk teknisk vakt i Os kommune melding om vasstrykkfall på Ravneberghaugen.

– Vi har blitt oppringt frå fleire husstandar etter dette, og har framleis ikkje funne brotet, seier leiar for teknisk drift Marianne Kramer.

– Av målar på Ulven kan vi lesa om uvanleg høgt forbruk, så det er eit stort område å søka i.

Bergen Vann er ute i felten og driv søk. Fram til dei har funne brotet er det uvisst kva område som blir stengt av og kor tid desse kan rekna med å få vatnet tilbake.

– Dei er no i Skeisleira, vi har indikatorar på at brotet er i det området, seier Kramer.

Os kommune sine heimesider blir oppdatert med status når teknisk eining har meir informasjon.

OPPDATERT: Feilen ser ut til å vera i nærleiken av kum ved Skeisleira 125. Ifølgje oskommune.no vil enkelte abonnentar vera utan vatn fram til vassbrotet er reparert. Det blir sett ut tank med drikkevatn. Om du har brunt vatn, tapp med kaldt til vatnet er klart.