Lokal | 28. feb. 2017

Vassleidningsbrot ved Gymnasvegen

Fleire i området rundt Gymnasvegen og Kuven kan oppleva redusert vasstrykk. Os kommune søkjer etter feil.

Vassleidningsbrot ved Gymnasvegen
Dei første meldingane kom før klokka 9. Os kommune søker etter leidningsbrot mellom Gymnasvegen og Kuven stasjon. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. feb. 2017 08:27

Tysdag litt før klokka 9 kom dei første meldingane til teknisk eining i Os kommune.

– Det ser ut som om vi har eit brot på ein vassleidning, seier teknisk vakt Jan Terje Lund.

– Vi har ikkje funne brotet, men driv no søk mellom Gymnasvegen og Rema Kuven stasjon.

I perioden med søk blir krinsar kopla ut og inn. Innbyggarar i området kan oppleva redusert vasstrykk, og å mista vatnet heilt. Når brotet er lokalisert og reparasjon startar vil enkelte vera utan vatn i ein lengre periode.

Fleire brot - fleire utbetringar

Det er ikkje lenge sidan førre vasslekkasje, søndag for ei god veke sidan var det to vassleidningsbrot i krysset Hamnevegen-Hatvikvegen.

Lengre nord langs Byvegen, mellom Meny og Amfisenteret, har gangvegen vore stengt sidan 10. januar grunna legging av nytt vatn og avlaup. Arbeidet held fram til mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.