Kultur | 18. juni 2017

Våt og blå erfaring

Blue Experience fekk folk fram på det våte dansegolvet: Sjå bildeserie frå bryggedansen i Os laurdag kveld.

Våt og blå erfaring
Blue Experience fekk publikum til å trassa regnet og svinga seg på brygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juni 2017 08:53

Bildeserie:

Laila og William på dugnad på brygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Osøyro Kolonial lanserte TacOs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Silja har funne seg ein caps i produksjonslokalet på Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fagerbakke tok med Heggland på bursdagsfeiring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei fleste heldt seg under dekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rekebord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rekebord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Statsråden på veg om bord på Statraaden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Så gjekk Mighty Magnolias på scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kveldens første dans. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Emil og Ine serverte ein nylansert og ein «uhørt». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Diamonds fortalte om spelejobbar i Fjellheim for 55 år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Også dei lokka ein og annan til å dansa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Diamonds. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Diamonds. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Blue Experience fekk folk til å dansa frå første låt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Med og utan paraply. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Willy Håland feira bursdagen sin ved trommesettet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

God stemning i teltet nærmast scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 17

Det kunne vore verre. Temperaturen var ok, vinden var stille, og regnet kunne kome sidelengs.

Tett, samanhengande yr sette likevel sitt preg på Os kommune sin bryggedans i går. 450 billettar var selt fredag, det ville nok kome endå fleire i «døra» om ikkje ein spasertur frå Peppes til Os Sjøfront omtrent tilsvarte ein tur i dusjen.

• Sjå dronevideo og bildeserie frå Statsraad Lehmkuhl sin ankomst

Men det var rigga telt både på brygga og på dekk om bord på Statsraad Lehmkuhl. I seglskuta blei det servert rekebord, på brygga sto Osøyro Kolonial og lanserte TacOs, taco med råvarer frå regionen, som kjøt frå Tysnes, reddik frå Hegglandsdalen og ekstragonmajones med egg frå Bø.

Det var ikkje berre kokkane som leverte, musikken blei servert presis og heilhjarta, og det blei raskt god stemning og tett med folk i teltet nærmast scenen.

Mighty Magnolias fekk det til å svinga med «By The End of the Day», spelte nylanserte «From Higher Ground» og gav publikum den heilt nye låten «There's No Way Out». Eitt par hoppa i det og tok seg ein sving på den våte brygga.

Etter tre kvarter med Mighty sin forsmak pådet dei vil by på på storscenen på Osfest var det veteranane sin tur. Først ut var «Diamond».

– Vi spelte i Fjellheim for 55 år sidan. Og for 53 år sidan. Vi speler akkurat same musikk no!

Med «I'll do my crying in the rain» blei det dansing. Då Blue Experience, med bursdagsbarn på trommer (Willy Håland), overtok scenen, blei det dans frå første strofe. Blue Experience spelte frå klokka 21 og var også på scenen igjen for å runda av dansen frå klokka 23.

Midtsiden kjem tilbake med video frå bryggedansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.