Lokal | 29. okt. 2014

Vatn kom inn i kjellar

Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut med vassugar til ein bustad som fekk problem i regnvêret.

Vatn kom inn i kjellar
Oselvo var høg i går, men den var ikkje årsak til at det kom vatn i kjellaren på ein bustad ved elva. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. okt. 2014 12:00

Os har kome fint frå det etter dei store nedbørsmengdene, i forhold til stadar som Voss, Odda og Flåm, og har brannvesenet har berre vore ute på mindre vatn- og vindrelaterte oppdrag.

Les òg: God drenering i Os

Tysdag ettermiddag var dei ute for å sikra ein utriggar som låg på rek på Drange. Seinare på ettermiddagen kom meldinga om at det kom vatn inn i kjellaren på ein einebustad.

Ut med teppe, opp med møblar

– Bustaden ligg i Os sentrum ved Oselvo. Det var ikkje den høge elva som kom inn i kjellaren, men truleg noko overvatn, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Mengdene var ikkje store, rundt 1 cm vatn i krokane, men kjellaren er innreia for bustad, så fleire teppe måtte fjernast og møblane blei sett opp på klossar.

– Vi brukte vassugar til å fjerna vatnet og skal seinare, når forsikringsselskapet har vore på staden, inn med avfuktar, fortel Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.