På Lyseklostervegen i Åsen er det overvatn i vegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vatn trengte inn i bustad

Torsdag og fredag er det venta mykje meir nedbør.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På Tøsdal er Oselvo over breiddene sine, og delar av stien frå Tøsdal til Nordmarka ligg under vatn.

• Har du tips eller bilde? Sendt til tips@midtsiden.no eller ring 97975200

I Åsen renn det overvatn frå eine sida av Lyseklostervegen til den andre. Dette er merkti begge endar av vatnet.

Dei store nedbørsmengdene dei siste dagane hadde fram til onsdag formiddag elles ikkje skapt særlege problem i Os.

– Vi hadde mange oppdrag i samband med frost måndag, då hadde vi alle mann i arbeid med strøing rundtom i kommunen. Dei siste dagane har vi halde på med forebygging, altså reinsing av sluker og rister, sa teknisk vakt Robert Hatvik Flister til Midtsiden tidlegare i dag.

Hus tar inn vatn

Os brann- og redningsteneste hadde så lang ikkje fått nokre oppdrag, men onsdag ettermiddag kom det varsel via 110-sentralen.

– Vi rykte ut til ein einebustad i Os sentrum, der vatn hadde trengt inn i kjellaren, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Kjellaren er innreidd, men blir for tida ikkje brukt som bustad.

– Det var ikkje så gale, på det djupaste var det 5 cm. Vatnet kjem framleis inn, men eit sluk tar unna det meste, så vi venta med å pumpa ut vatn.

Mykje meir nedbør i vente

Det er allereie vått på Vestlandet, men det skal bli endå våtare.

Både torsdag og fredag er det meldt over 50 mm nedbør. I tillegg kan vindstyrken koma opp i 17 m/s (stiv/sterk kuling).

Også laurdag er det venta vind over 10 m/s, og det er meldt nedbør til og med søndag, mens det frå måndag av skal bli opphaldsvêr og minusgradar i Os igjen.

Private bør forebygga hos seg sjølv

Både brannsjef og teknisk vakt oppmodar folk om å sjekka drenering rundt eigne verksemder og private hus.

– Jorda er metta no, og tar ikkje unna meir. Då kan vatnet finna nye vegar, og koma inn i hus eller garasje, seier Gjøsund.

– Hugs at kommunen har ansvar for eigne anlegg, privatpersonar kan ha mykje igjen for å sjekka eigne avlaup, seier Flister.