Luranetunet fredag: Annemor Tysnes er den eldste, og ein av dei flinkaste, elevane Vebjørn Sand har hatt. (Foto: Ørjan Håland)

Vebjørn Sand: Annemor (101) er min eldste elev til no

Dei kjente kunstnarbrørne set sine spor hos unge og gamle mens dei har utstilling i bygda.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Ørjan Håland

Eit høgdepunkt for Vebjørn, sa tvillingbroren Aune mens han monterte utstillinga i Oseana.

Opninga førre helg blei folksam, denne helga har brørne vore tilbake i Os, og Vebjørn har halde både foredrag og kurs.

• Les òg: Overraskande gåve til Luranetunet

I dag er det gratis malekurs for born, før foredraget i går (sjå video nr 2 i Instagram-ruta under) var Vebjørn på Luranetunet og heldt malekurs for dei eldre.

– Det var ei heilt fantastisk oppleving å ha dei her, seier einingsleiar Aud Winsents.

– Det var dei sjølv som kom med initiativet til denne fine aktiviteten. Dei er så rause, og så engasjerande, at nokre av deltakarane sat og malte i over ein time. Nokre deltakarar sat og malte i over ein time.

• Sjå òg: Walfred Nøss fann gamal Sand-teikning på loftet (videoreportasje)

Kunstnaren sjølv, Vebjørn Sand, var òg imponert.

– Dette er min eldste kursdeltakar nokosinne og ein av mine flinkaste i dag, seier Vebjørn om Annemor Tysnes, som nyleg fylte 101 år.