Sport | 15. nov. 2016

– Vegard har utvikla seg mykje

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, har stor tru på Leikvoll Moberg. Sjølv er osingen innstilt på å kjempa hardt for endå meir speletid.

– Vegard har utvikla seg mykje
Vegard Leikvoll Moberg trivst i ny klubb, på nytt nivå, i ny bygd. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2016 10:47

Det gjekk fort for osingen og Åsane-kapteinen då han i sommar tok steget inn i Tippeligaen. Frå møte torsdag 22. juli til signering dagen etter og debut frå start søndag 24. mot Bodø/Glimt.

I dei til saman 14 kampane etter signeringa har osingen fått 2 kampar frå start, 4 innhopp og 6 kampar som ubrukt reserve. I to av serierundane har han vore skadd.

– Om nokon hadde sagt til meg, før signering, at eg skulle få spela seks kampar i Tippeligaen i løpet av hausten, så hadde eg blitt glad.

– Men samtidig, sidan eg fekk prøva meg i alle dei tre første kampane, og etter skaden i slutten av september kom i god form igjen, hadde eg håpa på litt meir speletid i dei siste rundane, seier Vegard til Midtsiden.

Leikvoll Moberg kom på banen i 90. minutt i siste bortekamp, som enda med 3-1-tap for Odd. Mot Aalesund heime i serieavsluttinga blei han sitjande på benken.

– Eg har nullstilt meg og bestemt meg for å ta steg for steg, yta mitt beste på trening og sjå tilbake på denne hausten som ein bonus med dei seks kampane eg fekk. Så er eg innstilt på å jobba hardt gjennom vinteren for å sikra meg mest mogleg speletid når 2017-sesongen startar.

– Svært god utvikling

Sportelg leiar i Sogndal seier klubben var svært nyanserte med nysigneringa, om i kva grad dei såg for seg at han skulle bidra.

– Det tar tid med omstilling til både nytt nivå, ny spelestil og nye medspelarar. Vi har fleire eksempel på spelarar som brukte lang tid på dette, som Babacar Sarr, eller som brått fekk sjansen og sidan nærmast har vore faste i startellevaren, seier Flo, og nemner Eirik Birkelund som ferskt eksempel.

– Vi synest Vegard har utvikla seg noko enormt og han har allereie blitt langt tryggare i kampsituasjon, i situasjonar der han har vore involvert.

– I tillegg er han ein fantastisk type, både på og av banen. Han er veldig treningsvillig og lærevillig og vi ser at han jobbar hardt. Han vil nok både ta nivået, knekka koden og gripa sjansen om ikkje så lang tid.

Trivst godt i ny bygd

Vegard seier han merkar nivåforskjellen, både i tempo og i rammene rundt klubb, trening og kamp.

– Det var bra i Åsane òg, men det er eit nivå opp på alle måtar. Med felles frukost, felles lunsj og alle fasilitetane på Fosshaugane er alt lagt veldig godt til rette.

Også på fritida trivst Vegard i ny bygd med nye kameratar.

– Det blir ein del eigentrening, men når vi ikkje trener er det duka for FIFA på Playstation, spesielt no etter at det blei haust og det ikkje var like naturleg å gjera ting utandørs saman. Vi er ikkje mindre late enn at vi ofte speler mot kvarandre online i staden for å gå på besøk til kvarandre, seier han og ler.

Cupfinale, ferie og to treningsleirar

Spelarane var nyleg på ein gutetur til Island, som ei avrunding på sesongen. No er det trening fram til torsdag 17. november før spelarane får fri heilt til 10. januar.

– Vi har eit tettpakka program for eigentrening i ferien, med rundt seks treningsdagar i veka, men det passar meg bra. Eg liker å trena og eg synest likevel det kjennest ut som ferie når du styrer treningsdagen sjølv.

Snart er det ny fotballtur, men den handlar om å støtta ein annan av osingane i toppfotballen, Mats Cato Moldskred, som speler cupfinale med Kongsvinger førstkomande søndag.

– Baste Jonassen (Lysekloster) bur òg i Sogndal, så eg er ein del med han på fritida. Vi reiser saman til Oslo, der vi treff fleire KIL-supportarar frå Os.

– Mats Cato er på treningsleir i Berlin no, eg håper han er skadefri til helga og at han blir ein joker på søndag.

Sjølv skal Vegard på treningsleir i februar og mars, først to veker til Gran Canaria, seinare ei veke til Marbella.

– Eg gler meg til heile vinteren, eg trur faktisk det er første gong eg gler meg skikkeleg til ei oppkøyring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.