Lokal | 11. mars 2013

Vegen vidare for Os sentrum

Kommentar: Det er mange som bør slutta å trykka på slumre-knappen om Osøyro framleis skal vera ein triveleg plass.

Vegen vidare for Os sentrum
Kva med å kjøra båt frå gjestebrygga og inn i Os sentrum? (Skisse frå 2007: Bernt Helén)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mars 2013 10:33

Illustrasjonar frå 2007, då Os kommune inviterte til arkitektkonkurranse for Telthusplassen og samtidig oppmoda deltakarane å laga nokre skisser for resten av Os sentrum.

"Man får som man fortjener" er favorittuttrykket til ein god kamerat av meg. Det slår meg ofte at dette uttrykket passar i veldig mange samanhengar. Eg legg uttrykket i same sekk som "flinke folk har ofte flaks".

Les òg: Vegen vidare for Os sentrum, del 2: Timinga er perfekt

Men kven er det som får som dei fortener når butikk etter butikk i Os sentrum legg ned?

Er det osingane, som fartar til Lagunen for å kjøpa ei bukse dei "ikkje finn på Os", og som no må sjå at eige bygdesentrum krympar medan folketalet veks? Eller kommunen, som leverte oss eit klønete servert parkeringssystem, og som snor seg rundt riksdekkande og lokale reglar og vedtekter i forsøk på å gjera alle til lags etter etablering av nattklubb vegg i vegg med både eksisterande bustadar og ei planlagt, men no skrinlagt, storutbygging midt i sentrum?

Eller kanskje det er huseigarane, dei mange som har sete dønn i ro og no eig dei einaste bygningane i kommunen som blir mindre og mindre verdt for kvart år som går?

Det er mange som ønskjer seg eit livleg bygdesentrum - men dei som burde ønskja seg dette mest av alle, dei som taper pengar på eit sentrum som blir stadig mindre attraktivt, er i første omgang huseigarane.

Spørsmålet er om huseigarane i Os sentrum har vilje, kapital og kompetanse til å vinna kampen, som ikkje er om detaljkundane, men om dei beste leigetakarane.

Dei som kom og dei som gjekk

Dei siste åra har fleire butikkar i Os sentrum lagt ned. Fleire av dei har vore faghandlarar og viktige familieverksemder i tradisjonar. I 2011 stengte Fagerthun, Drageset Varehus, Kleiven Kjøtt og Delikatesse, Kolaas Foto og Lehrmanns TV og Radio. LOL opna i Kleiven sitt lokale, men la ned i 2012. Det gjorde også Gjensidige og Nordea med filialane på Osøyro.

I februar i år la Rosvold ned, mars blir siste månad med G-Sport på Os.

Det har også kome nye butikkar og serveringsstadar på Os dei siste åra. GH Interiør, Ramsvik, Kafé Engeline, Nordisk Rom, Baronessen, Madam Ane, Hvite fjær og hjerter og AroyDee.

Men det er kanskje vanskeleg å sjå føre seg at lokala til G-Sport og Rosvold, store, synlege lokale på gateplan, skal bli fylt med det første? Mange driv framleis godt i Os sentrum, men det byrjar å bli mange meter med tomme utstillingsvindauge på gateplan.

Alle vil ha - men kva vil vi ha?

Trenden med å flytta detaljhandel ut av sentrum vil neppe snu med det første. Vi kvir oss ikkje for å kjøra bil, berre vi slepp å leita etter parkeringsplass, berre vi slepp å få snev av regn i håret. Halvparten av all detaljhandel i Noreg skjer no i kjøpesenter. Trenden starta i USA og Noreg tok raskt etter, på bekostning av bysentrum.

Det er berre synd at våre by- og bygdesentrum er så mykje mindre. Det blir så fort tomt i ein liten by.

Osingane kan gle seg over å ha eit stort og veksande kjøpesenter, AMFI Os har rundt 50 butikkar og omsetnaden veks frå år til år. Dei er ein del av bygda dei òg.

Men det er forståeleg at mange også vil ha eit best mogleg utval og tilbod i sentrum, ved elva, hamna, kyrkja, banken og posten ... eller, no skal jo Posten òg legga ned. Uansett, det er mange som bryr seg om Osøyro. Også dei som kjører til Lagunen for å spara 50 kroner på eit spann med maling på OBS!-en.

Kva er det så vi ventar av Osøyro - kva vil vi ha?

Trur vi at favoritt-kjedebutikken vår brått skal finna seg en krok i Os sentrum, at Biltema, Hennes & Mauritz og Zara skal skvisa seg inn på gateplan og løfta trafikken og handelen til nye høgder?

Eller håper vi på at det skal koma nokre nisjebutikkar som skal ligga tett i tett og ha suksess med varer få visste at dei trengte, varer vi ikkje vil reisa til eit kjøpesenter å handla, varer som vil gje drivarane ein god start og ei solid levetid i eit lite bygdesentrum?

Bygde senter av sentrum - og motsett

Det er lett å peika på ting som kunne vore annleis, som i det minste kunne ha bremsa den negative utviklinga i Os sentrum. AMFI Os skulle lagt i Bjørnegården, rådhuset skulle vore kjøpesenter, vi skulle hatt parkeringshus i fjellhall og ei betre hamn.

For Åsane blei det sånn. Åsane Storsenter var ein gong Åsane sentrum. Men på 70-talet blei det bygd tak over gågata mellom nokre av husa. Så kom fleire tak og seinare felles ytterveggar - ein felles fasade.

Åsane sentrum blei Åsane Senter, som framleis hadde både kulturhus, bibliotek og legar som leigetakarar, bak same fasade som over 100 butikkar. Åsane Senter blei seinare slått saman med Arken. Om ikkje fysisk, ein parkeringsplass og ein smal veg skilt dei to, men i eigarskap og namn, Åsane Storsenter.

Bør vi bygga kjøpesenter av Os sentrum?

Byrja med ein plan om tak mellom flest mogleg av bygga, for seinare å bygga veggar og felles fasade?

I USA går dei visstnok no motsett veg. Folk vil handla i "autentiske" omgjevnadar, handelen på store, upersonlege senter går ned.

Kapitalen og makta, dei tette banda med leigetakarane, er framleis hos kjøpesenter-eigarane, så utviklinga går seint.

Og kjøpesenter-eigarane investerer ikkje i opprinnelege bysentrum, dei bygger sine eigne byar (!).

The Grove er eit eksempel på eit kjøpesenter i forkledning, bygd opp frå null, for å likna eit bygdesentrum, men som eigentleg er eit kamuflert kjøpesenter med felles huseigar.

"The Grove ser ut som et intimt, trivelig bysentrum hvor alt er lagt til rette på beste måte. Alle butikker er i avdelte lokaler med inngang fra gaten. I området finnes en rekke gourmetrestauranter, og byen har kino, teater og profesjonell gateunderholdning hver dag. Universell utforming er gjennomført til det perfekte. Byen ser ut som om den består av separate, individuelle bygninger fra forskjellige tidsepoker" skriv rågjevar Odd Midtskog frå sentrumsutvikling.no.

"Noe som virker kunstig, er trikkeskinnene som skal gi inntrykk av at dette er en gammel by med tradisjoner. For det går ingen trikk, og det skal det trolig aldri gjøre heller" held han fram.

Galskap og langsiktige mål

Sånn kan sentrum bli utvikla om éin eigar står bak. No treng ikkje Os ei falsk hamn, ein falsk park eller ei falsk elv. Osøyro har idyllen, det vi treng er koordinerte krefter, kanskje nokre større og meir slagkraftige huseigarar - og kanskje ville det vore til hjelp med litt galskap.

Då Os kommune i 2007 arrangerte arkitektkonkurranse for å forma Telthusplassen inviterte dei arkitektane til å koma med vyer for resten av Os sentrum - som kommunen fekk "med på kjøpet".

Dei friskaste tankane kom frå arkitekt Bernt Helén, som foreslo å grava strandstaden Os opp igjen - å laga ein kanal frå gjestebrygga inn til rådhuset, ein kanal som enda i eit "Lille Lungegårdsvann" der parkeringsplassen framfor rådhuset er i dag.

Det er ikkje sikkert at vi skal kjempa for å få 80, 90 eller 100 butikkar i Os sentrum - men det er lov å ønskja seg meir liv mellom Sparebanken Vest og Galleri Oz. Og då må vi kanskje først drøyma litt, teikna noko nytt, og legga planar for meir enn fem år om gangen.

Utan mål veit du ikkje kvar du er på veg, du sender ingen signal til potensielle investorar.

Dette arbeidet bør både politikarane og huseigarane engasjera seg i, helst med innleigd hjelp. Utan ambisjonar og høge målsetnadar vil det gå seint, og truleg halda fram feil veg.

No blir det spennande å sjå om det blir "Liv på Øyro", som prosjektgruppa kommunen oppretta i fjor kallar seg. Os Inspirerer-prosjektet tok ikkje for seg mykje som vi ser igjen på Osøyro.

Den førre prosjektgruppa heitte "Strandstaden Os", men den sovna inn ein gong for 5-6 år sidan. Deltakarane hadde trykt for mange gongar på slumreknappen.

Senter eller sentrum, kva skal vi bygga? Kanskje begge delar.

Handel under tak hadde ikkje gjort vondt i Os sentrum heller. Samtidig har Osøyro eit enormt potensiale med dei fantastiske omgjevnadane, om elva og hamna blir endå meir integrert i bu- og handelsområda, noko under tak, noko med fasade ut i det opne.

Vi kan gå vidare i snekkefart, og halda fram med å kjøra i så sterk straum at snekka går bakover.

Eller vi kan heisa segl, festa draumane våre på papir, og seia: sånn vil vi ha det, her skal vi parkera, her skal vi eta, her skal vi festa til tre om natta, her skal vi bu - og kanskje skal vi kjøra båt inn i Os sentrum?

Les òg: Vegen vidare for Os sentrum, del 2: Timinga er perfekt

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.