Lokal | 13. jan. 2017

Vegvesenet - med fokus på beltebruk i buss

– Berre halvparten brukte belte, fortel Drange, som òg stoppa bilistar og ein traktor med ulovleg hengar på slep.

Vegvesenet - med fokus på beltebruk i buss
Statens vegvesen kontrollerte trafikken i begge retningar i starten på Mobergsbakken i Os sentrum torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2017 09:22

Statens vegvesen kontrollert 460 bilar og 10 bussar i Os sentrum og i Industrivegen torsdag.

– Vi har fokus på beltebruk i buss og vil ha daglege kontrollar på dette framover, seier Lars Harald Drange frå Statens vegvesen.

Blant dei ti bussane dei kontrollerte i Os i går var det éin frå Kystbussen. Her var beltebruken god, mens det på rutebuss var om lag 50/50 med og utan belte.

– Dette synest vi er dårleg. Det blei ikkje delt ut gebyr i går, men det blir det seinare. Gebyret er på 1500 kroner, seier Drange, og minner om fordelen med å bruka belte.

– Det skal ikkje alltid mykje til for at ein buss får eit hjul utfor vegen, noko som kan resultera i utforkøyring og vidare at bussen rullar rundt. Har du belte på så blir du i det minste verande i setet, du flaksar ikkje rundt i bussen.

Det er ein bestemt prosedyre som må til for faktisk å kunna ta ein busspassasjer for manglande beltebruk. Ein av metodane vegvesenet kan bruka er å ha ein observatør i sivil på buss, blant anna for å unngå at syndarar raskt tar på seg beltet, eller reiser seg opp (det er ikkje krav om at ståande passasjerar skal bruka belte), om dei ser at det er kontroll.

Er det lov med uregistrert hengar?

Blant dei som var kontrollerte var to med feil eller manglar på hengar.

Éin av dei mangla lys på hengaren og fekk køyreforbod. Vedkomande fekk lov å køyra frå Vognhallen i sentrum og bort til Essostasjonen for å fiksa lyset.

Den andre var ein traktor med uregistrert hengar på slep.

– Det er ikkje alt som heng på slep som treng å registrerast, for eksempel ein lift, ein kompressor eller ein salsbod, altså eit verktøy som skal gjera ein jobb. Men dette var ein båthengar, ein sokalla slip-hengar, som du kan bruka internt i ein marina, men ikkje køyra langs vegen med. Alt som skal brukast til å frakta noko med, skal vera registrert.

Vedkomande er meldt for køyring med uregistrert hengar.

Feil og manglar i Industrivegen

I Industrivegen blei 9 bilistar tatt utan bilbelte, 2 av desse var lastebilsjåførar.

– Dette er ganske mange til å vera utanfor sentrum, synest vegvesenet.

Blant 45 kontrollerte på lysbruk blei det heile 13 skriftlege krav om utbetring.

Éin av dei som blei stoppa var begjært avskilta grunna manglande forsikring, men vedkomande fekk ordna det via telefon og fekk køyra vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.