Bru over Bjørnafjorden møter framleis motstand i Os. (Skisse: Statens vegvesen)

Vegvesenet ut av politikken!

Lesarinnlegg: Det er sjeldan at ein offentleg tenesteperson blandar seg inn i ein politisk prosess slik Eikenes har gjort.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

At Statens vegvesen går ut over si rolle som fagetat for å utøve politisk press i det stille er ingen nyhende. Men det er sjeldan at ein offentleg tenesteperson frå same etat blandar seg inn i ein politisk prosess slik prosjektleder Signe Eikenes har gjort, seinast i sitt utfall mot Glenn Erik Haugland (V) i både Bergens Tidende, Os og Fusaposten og på Midtsiden 5. januar.

Haugland er, som underskrivarane, vald av folket til å representere dei som er einige med oss.

Som tydeleg politisk motstandar mot bru over Bjørnafjorden har Haugland eit legitimt mandat til å uttrykke kritikk og kjenslar knytt det største samferdselsprosjekt og inngrep i Os nokonsinne. Prosjektleiar for dette veg- og bruanlegget, Signe Eikenes, er på si side tilsett i vegvesenet for å gjennomføre vegprosjekt og sørgje for at dei folkevalde får eit godt nok vedtaksgrunnlag.

Det er positivt at Eikenes engasjerer seg offentleg, men då er det viktig at ho ikkje presenterer politiske påstander som fagleg fakta.

Glenn Erik Haugland er i sin fulle rett til å kritisere planen og prosessen utan å måtte bli anklaga for å fare med usanninger frå fagetaten som skal sørge for eit tilfredstillande saksgrunnlag. At Statens vegvesen ikkje har klart å vera tydelege nok med å få fram dei negative konsekvensane for bumiljø, natur og friluft i Os, er kritikkverdig, skapar mistru og bidreg til å svekke prosjektet.

Det er også svært betenkeleg at kartskissene som no er på høyring og skal opp i ekstraordinært kommunestyremøte 12. januar ikkje vart viste på folkemøtet.

Vi vil med dette gje vår støtte til Os Venstre og Glenn Erik Haugland for det årelange arbeidet dei har lagt ned mot bru over Bjørnafjorden, ei bru som ser ut som ein stadig dårlegare idé, og som på ingen måte har brei politisk støtte i Os kommune.

Helge Steinum
Gruppeleiar Os Arbeidarparti

Terje Sperrevik
Gruppeleiar Tverrpolitisk Samlingsliste

Siren Tømmerbakke
Gruppeleiar Os Senterparti

Nils-Anders Nøttseter
Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne Os

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.