Lokal | 27. juni 2017

Veit ikkje årsaka

Sprengningsuhellet i Øyane. Politiet etterforskar hendinga, men veit førebels ikkje kva som skjedde.

Veit ikkje årsaka
Stein knuste mellomanna utemøblar i Øyane (foto: Henrik Vågen)
Andris Hamretirsdag 27. juni 2017 07:47

Klokka 18.38 blei det meldt om eit sprengningsuhell på ein anleggsplass på Gjelevika i Røtingavegen i Øyane.

– Vi driv etterforsking i høve dette. Vi kan slå fast at det er eindel materielle skadar på bygningar, bilar, utemøblar og andre innreingar, men så langt vi er kjend med har det heldigvis ikkje vore personskade, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Spreidd over eit stort området

Stein blei spreidd over eit stort området.

– Det er jo noko av det som er spesielt. Det var eit stort område som blei råka av steinen. Eitt eller anna fundamentalt gale må ha skjedd.

– Dette håpar vi å få avdekka gjennom etterforskinga som held fram, seier lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.